#

Kompetansenettverk for tradisjonelt bygghandverk

Arbeidet med å etablere Kompetansenettverk for tradisjonelt bygghandverk (KTB-nettverket) tok til i 2001 etter at mange institusjonar og handverkarar hadde etterspurt eit nasjonalt nettverk for tradisjonelle bygghandverk. Sekretariatet for KTB-nettverket er lagt til Norsk handverksutvikling på Maihaugen

Les mer
Nettside
Adresse
Maihaugvegen 1 Lillehammer
Telefon
61 28 89 00
Kontaktpersoner
Torger Korpberget
Redaktør
61 28 89 00 Send e-post

Med tradisjonelt bygghandverk meiner KTB handverk og teknikkar der det gjennom generasjonar er utvikla og vidareført kunnskap både innanfor og utanfor sveine- og fagbrevordninga. KTB skal bidra til å utvikle kompetanse i utøvande handverk innan tradisjonelle bygghandverk og tilgrensande handverk. Vidare skal KTB tilretteleggje og fremme samarbeid.