BNL MD

Søre Sunnmøre

God byggeskikk og visuell kvalitet

Vi formar staden vår ... 

God byggeskikk og visuell kvalitet i plan- og byggesaker på Søre Sunnmøre, felles rettleiar for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Byggesaksforumet for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre vart etablert i 1997-98 som eit samarbeidsforum for sakshandsamarane innafor fagfeltet byggesak.

Arbeidet med estetikk og byggeskikk har vore sentralt for byggesaksforumet i ein del år, mellom anna vart det hausten 2001 arrangert eit seminar i Aasentunet med politisk deltaking der tema var estetikk i byggesaker. Byggesaksforumet har sakna ein rettleiar som er noko meir konkret og tilpassa lokale forhold enn det som går fram av rettleiingsmateriell frå departementa, Statens byggetekniske etat (BE) og Husbanken.

Estetikk er ein av fleire kriteria for vurdering av om ein plan eller eit byggverk er godt og tenleg, og som kriterium kan det ikkje sjåast isolert. Vidare er spørsmålet om kva som er estetisk riktig eller galt, stygt eller fint eller god og dårleg byggeskikk noko som til alle tider vil vere omdiskutert og som det vil vere vanskeleg, kanskje heller ikkje ønskjeleg, å lage klare og lettfattelege reglar om. Vi har i kap. 1 gått litt nærare inn på ei slik drøfting og gjort forsøk på ein lettfatteleg definisjon av dei viktigaste omgrepa.

 Last ned Pdf: God byggeskikk og visuell kvalitet i plan- og byggesaker på Søre Sunnmøre, felles rettleiar for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Byggsekikk Soere Sunnmoere-1.jpg
;
;