BNL MD
#

Lyfting av hus

Mange eldre bygningar er prega av store setningsskadar. Veggar kan bule, det kan vera loddavvik i konstruksjon eller store skeive utslag på tak. Det kan vera vanskeleg å finne årsaka til skadane. I denne artikkelen har forfattaren utvikla ei enkel sjekkliste som gir eit bilete av kvifor, og i kva rekkefylgje, konstruksjonen har fått desse skadane. Det kan gjere det enklare å vite kvar ein skal sette inn tiltak i konstruksjonen, for å få bygget tilbake i originalposisjon.

Eg får ei raskare forståing av bygningen ved å gjera denne skisseøvinga. Ein kan lettare identifisere skader som heng saman, t.d på kvar side av bygget. Vidare kan det vera like viktig å finne skader som burde henge saman, men som ikkje gjer det. På skissa som syner lengdesnitt av aust/vest-delen, ser ein eit loddavvik på eine sida. Dette loddavviket burde ein funne att på motsett side av konstruksjonen. Sidan ein ikkje gjer det i dette tilfellet, må ein studere nermare på konstruksjonen. Det syner seg fort at samhaldet i konstruksjonen ikkje er bra og at konstruksjonen difor glir frå kvarandre.

Plana vidare er å sjå på mogelegheita for å kunne utvikle eit «reaksjonsskjema» som lettare og enklare skal kunne identifisere strukturelle skader på bygningar. kanskje noko i retning av dette;

 

Tegning Av Fremgangsmåte

Tanken er å seta opp ei slik reaksjonsrekkje for fundament, vegg, dekke, og takkonstruksjon. Ein del av reaksjonane vil gripe inn i kvarande i skjemaet, noko som eigentleg vil leide ein snøggare til målet, som er å identifisere skader, samt enklare sjå mogelegheita for å reparere.

Etter mange år med lyfting av konstruksjonar, kjem ein likevel innom tvilstilfelle. Det kan td. ha vore utført reparasjonar, kanskje har vindauga vore remontert etter at bygget har sige så mykje at det ikkje lenger let seg opne. Etter ei oppretting ser ikkje vindauga bra ut, ikkje let det seg opne og ikkje er det beint og i lodd. Slike avvik er ofte ikkje så enkelt å fange opp før ein er godt inne i prosessen. Slike moment å sjekke/hugse på kunne òg vera ein del av reaksjonsskjemaet.

 

Denne artikkelen ble første gang publisert på bloggen Tradisjonelt bygghandverk 4. juni 2021

;
;