BNL MD
#

Vedlikehald og oppussing av eldre eldstader

Tradisjonsmurar Eystein Greibrokk skriv om utviklinga av dei opne eldstadene og vedlikehald av eldre konstruksjonar. Blant anna om korleis ein veljer rett material og handverksteknikk i høve til det originale murverket. Han peiker dessuten på ein del kritiske punkt i lovverket

I arbeidet med eldstader i freda og verneverdige hus, ser eg ofte store avvik i høve til gjeldane brannforeskrifter. Materialval, endra oppstillingsvilkår når det gjeld avstand til treverk og manglande vedlikehald er dei vanlegaste grunnane til at feiarvesenet kjem med pålegg eller legg ned fyringsforbod.

I samband med istandsetjing av eldstader og piper er det difor viktig med kontakt mellom huseigar, handverkar og den lokale brann og feiaretaten. Dette bør gjerast før arbeidet vert sett i gang, slik at ein kan finne gode løysingar både når det gjeld branntryggleik og kulturminnevern.

Målet for alle partar må vere å sikre mot brann, samstundes som dei verdfulle kulturminna vert tekne vare på for framtida. Det bør vere mogleg å legge til rette for at ein tek vare på fyringsanlegga som ein viktig del av bygningshistorien, både når det gjeld utforming, kunnskap om materialval og handverk.

 

Attersyn

Den opne eldstaden har hatt sin naturlege plass i opphaldsrom for menneska heilt sidan åren med ljos og varme kom på plass i stovene. Materialval og bruksområde har skifta gjennom tidene. Åren og seinare røykomnen hadde ikkje lukka røykkanal, røyken gjekk opp gjennom ljoren i mønet i dei låge tømra bygningane eller som i byhus opp i loftsetasjen der røyken fann sine eigne vegar ut. Då hus med to eller fleire etasjar kom mot slutten av 1600 talet, kom den lukka røykkanalen i murverk frå toppen av peisen og opp over taket. I dag er gjerne peisen kopla til ei frittståande pipe, med røykrøyr inn frå sida.

Eystein Greibrokk

Tradisjonshandverkar Eystein Greibrokk arbeider for å få fram murverka som ein viktig del av bygningshistorien, både når det gjeld lokal utforming, kunnskap om materialval og handverk.

Han har lang fartstid innan murar og handverkarfaget, og har leiremuring som eit spesialområde. Han tek restaureringsoppdrag i heile landet. 

Materialvalet har endra seg. I fyrstninga var naturstein det vanlege. Mange stader på landsbygda heldt denne tradisjonen seg heilt fram til byrjinga av 1900 talet. Til bindemiddel og puss nytta dei leirmørtel og kalk. Leirehaldige jordartar i ulike former fann ein stort sett i dei fleste bygder utan kostnad, medan kalkbrenning føregjekk i område med kalkrike bergartar. Bruk av teglstein og kalk har og ei lang historie men noko vidare bruk av teglstein i piper og eldstader kom ikkje før på 1700 talet. Sist på 1800 talet kom sementmørtelen. Bruk av kalk saman med teglstein heldt seg fram til på 1950 talet, etter det overtok sementbaserte mørtlar marknaden

Kunnskapen i høve til bruk av leire og kalk vart sett til sides etter kvart som nye produkt kom på marknaden og dei gamle handverkarane vart borte. I dag har bruk av dei eldre mørteltypane som leire og kalk kome attende i restaureringsfaget.

leirmurt ovn Greibrokk.JPG

Leiremurt peis, rekonstruksjon fra Kravik i Nore. Foto: Eystein Greibrokk

Endra bruk

Bruken har og endra seg opp gjennom tidene. Frå å vere stort sett einerådande til matlaging og oppvarming, vert den opne eldstaden no stort sett nytta til peiskos. Med dette har bruksfrekvensen endra seg. Med dagleg bruk vart pipeløpet sjeldan nedkjølt frå dag til dag. Regnvatn og kondens turka , faren for avskaling på grunn av frostsprenging var minimal.

Dei gamle hadde og syn for at skorsteinen trong jamnleg ettersyn og vedlikehald, noko som den moderne huseigaren kanskje ikkje har kunnskap om, eller ikkje legg særleg vekt på. Med moderne elementpiper er det ikkje same trongen til vedlikehald utanom feiing, men feil fyring kan føre til bekdanning og fare for pipebrann.

Når det gjeld skorsteinspiper av naturstein eller murstein vil det vere naudsynt med jamnleg ettersyn. At pipa har vore i bruk i mange år utan problem, tyder ikkje på at røykløpet er utan manglar.

Materialval

Det er svært viktig å gjere materialval som samsvarar med det originale. Mørteltypane me nyttar til muring og puss har ulike eigenskapar.

Leire er den svakaste. Her er det ikkje tale om herding men ein rein tørkeprosess. Leire har svært god isolasjonsevne og pustar. Vatn og luft slepp gjennom. Leire er ein mineralsk jordart og kan delast opp i ulike hovudtypar, alt etter avsetningsmåten.

  • Marin leire finn ein under den marine grensa. Denne har høgt leirinnhald. Til bruk som mørtel vert det i dei fleste høve tilsett sand.
  • Sedimentær avsetning i ferskvatn innheld meir silt. Denne vert vanlegvis og magra for å få ein god mørtel.
  • Leirhaldig morene har varierande innhald av leire, inneheld alle kornstorleikar og treng difor ikkje tilsetjing av sand.

 

Hydratkalk er luftherdande, herdar ved å ta opp CO2 frå lufta. Pustar.

Hydraulisk kalk herdar med luft og vatn, og er den sterkaste av kalkmørtlane. Pustar. 

Sementbaserte mørtlar er sterke, herdar med luft og vatn. Pustar ikkje. Sementpuss utanpå leire og kalk vil stenge inne fukt og føre til forvitring i murverket bakom.

Mørtlane har ulike bruksområde alt etter styrken. Leire og hydratkalk egnar seg best til bruk innomhus, medan hydraulisk kalk toler betre klimatiske påkjenningar ute.

Når det gjeld naturstein, varierer bergarten etter kva ein kan finne lokalt. Ikkje all naturstein egnar seg i murverk som vert utsett for sterk varme. Høgt innhald av kvarts vil føre til oppsprekking. Finkorna glimmerrike bergartar finn ein ofte i gamle eldstader. Med sedimentære bergartar som til dømes gneis og skifer, er det viktig å legge steinen slik at busten dvs. endeveden ligg inn mot varmen.

 

Avstand til treverk

Dei fleste eldre eldstader og piper står inntil treverk på ei eller to sider. Avstanden varierer.

Avstanden frå sjølve murverket til veggen kan vere fylt opp med lausmasse og stein eller det kan vere eit luftrom. Fronten av sidevangar og kappe er som oftast mura att inn mot veggen og det er difor ikkje mogleg å kontrollere den ikkje synlege delen av murverket. Utmuringa mot veggen kan plukkast ned, rensking av ev. fyll. Plassering av brannhemmande plater vil vere eit brannsikringstiltak.

 

Taklekkasje

Ein av dei vanlegaste årsakane til store skader på leirmurte anlegg er lekkasje på grunn av for dårlege beslag på pipa over tak. Vatn over lang tid vil og føre til skader på treverket.  Skadeomfanget på veggen fører i mange høve til at heile eller delar av murverket må demonterast

Demontering av sidevangar.jpg

Demontering av sidevangar for å setje inn brannhemmande plater. Foto: Eystein Greibrokk

IMG_8247.JPG

Vatn over lang tid vil og føre til skader på treverket, blant anna råte. Foto: Eystein Greibrokk

IMG_8250.JPG

Når peisen er demontert er det sett inn 5cm brannmurplater som sikring mot treverket. Foto: Eystein Greibrokk

Brannmurar

Når det gjeld brannmurar ser ein mange ulike løysingar. Alt frå sinkplater og eternitt direke på treverk, steinheller eller murstein på høgkant, leirpuss på bord, sermentstøypte murar i varierande tjukkleik med armering av hønsenetting, osb. I freda og verneverdige anlegg kan det vere ei utfordring å skifte ut desse med godkjend materiale utan å øydelegge den originale innramminga. Ein godkjend brannmur av teglstein bygger ca 17 cm,

leca ca 11 cm. Her kan løysinga vere varmehemmande plater som til dømes firefly 4 mm bak murverket eller 50 mm brannmurplater med puss. Er ein i tvil om tjukkleik og materiale, kan det vere nyttig å bore hol inn til treveggen. Ein vil då få eit bilete av oppbygginga.

Ein del eldre brannmurar er dekorerte med maling. I slike høve kan det vere ei løysing å setje inn ei plate mellom omnen og brannmuren. Denne kan til dømes vere av metall eller herda glas. Avstand til brannmur 25 mm.

div 2011 2012 173.JPG

Biletet syner veggflate der brannmuren var 5 cm leirerapping. Foto: Eystein Greibrokk

Leiremura brannmurar med omkransing av tre. Dagens lovverk vil endre utsjånaden i stoga. I freda bygningar må det søkast om dispensasjon for endring i høve til materialval.

IMG_7106.JPG

Leiremura brannmurar med omkransing av tre. Dagens lovverk vil endre utsjånaden i stoga. Foto: Eystein Greibrokk

IMG_3201.JPG

Ifreda bygningar må det søkast om dispensasjon for endring i høve til materialval. Foto: Eystein Greibrokk

Gjennomføringar i vegger og tak

Omnar som er kopla til peis eller pipe frå tilstøytande rom, har røykrøyr gjennom skiljeveggen. I slike høve er det viktig å kontrollere avstanden til treverket. Dette kan gjerast med å bore. Godkjend avstand er 25 cm.

Det kan vere fleire måtar å løyse ei sikker gjennomføring på. Utskjering i veggen vil gje ei opning på 60-65 cm, alt etter dimensjonen på røykrøyret. Med isolerte røyr vil utskjeringa bli mindre. Avstandskravet gjeld ikkje berre i sjølve gjennomføringa men og mot veggflatene på båe sider. Leca pipeelement er ikkje laga for å stå på høgkant og skal difor ikkje nyttast i veggjennomføringar.

Røykrøyr frå omn som står på sida av peisen går som regel inn i kappa. Avstanden til etasjeskiljet er i mange høve for liten. Kravet er 50 cm. Då røykrøyret må inn over spjellet, vil det ofte vere vanskeleg å få til ei løysing med godkjend avstand.

Det kan løysast med varmeskjold montert på røykrøyret eller med brannmurplate i taket. Båe løysingane er reversible

Bileta under syner eit døme på ei utfordrande problemstilling. Gjennomføring i uisolert etasjeskilje i ein freda bygning. 32mm golvbord. Avskaling av maling kan tyde på for høg temperatur. Røykrøyret  har ikkje stor nok avstand til listverket, for lite utsparing i etasjeskiljet  og for liten avstand frå toppen av etasjeomnen til taket.  I denne saka vil det vere naturleg med eit møte mellom huseigar, tømrar, murar, feiar og kulturminnevernet. Ei utsparing som tilfredstiller avstandskravet let seg ikkje gjere utan eit stort inngrep i sjølve bygningen. Røykrøyret kjem opp i kanten av ei trapp.

uisolert etasjeskille.jpg

Foto: Eystein Greibrokk

uisolert etasjeskille 2.jpg

Foto: Eystein Greibrokk

Isolert røykrøyr vil minske inngrepet og kan vere ei løysing. Avstandskrav til treverk er 5cm Dette kan monterast på omnen slik at listverket kan stå som det er. Høgd over golvet må vere 30 cm.

september 2013 077.JPG

Foto: Eystein Greibrokk

Pipeløp, pipe over tak

Klimaendringane har ført til varmare og fuktigare vintrar og vekslar mellom mildver, regn og frost. Kombinert med kalde piper vil dette føre til aukande skadeomfang på murverket. Pipehatt eller topphelle vil minske vassmengda ned i løpet.

Utvasking av puss og fuging i piper som er lite i bruk er særleg utsette og kan vere brannfarlege. Er løpet stort nok, kan ei etterfuging og slamming gjerast manuelt inne i pipa. Sekkedraging ovanfrå er eit alternativ der løpet er for lite.

058.JPG

Ei løysing kan vere å opne pipa for etterfuging. Det let seg lett gjere med teglsteinspipe, noko verre men ikkje umogleg med naturstein. Foto: Eystein Greibrokk

Ny pipe med innemura keramiske røyr kan vere aktuell dersom heile pipa er demontert, men ein vil kunne møte dei same problemstillingane som med rehabilitering. Det er viktig å sikre stort nok tverrsnitt i løpet og at luftlaget mellom murverk og røyr må kunne sirkulere.

Skråstilte piper finn ein ofte i bygningar der plasseringa av piper over tak var viktig for den utvendige symmetrien. I dette høvet, bileta under, hadde bygget eit bratt skiferlagt tak, Pipa over tak var i god stand, men trong utbetring under mønet. Den øvste delen vart sikra, pipa under vart demontert og mura opp att.

Denne måten kan og vere aktuell dersom skadene er lengre nede og ein ikkje ønsker å demontere heile pipa. Det er lagt 4mm brannhemmande plater mellom treverket og pipa.

september 2013 031.JPG

Foto: Eystein Greibrokk

september 2013 032.JPG

Foto: Eystein Greibrokk

Det kan vere store utfordringar i høve til den delen av pipa som står over taket. Over tid vil ein kunne sjå skader på murverket. Pipa under er mura med hydraulisk kalkmørtel over tak. Blikkenslagararbeidet er viktig og bør utførast av fagfolk.

IMG_9321.JPG

Foto: Eystein Greibrokk

Omnstre

Mange eldre peisar har ein trestokk til bering over opninga. Dette er i prinsippet ikkje tillate og kan i visse høve føre til fyringsforbod. Med fornuftig fyring og ved å vere til stades så lenge det er eld i peisen, vil ei slik løysing vanlegvis ikkje vere brannfarleg. Ein skal likevel jamnleg sjå etter at det ikkje er teikn til varmeskader på treverket. Den beste løysinga er å kle treet mot dei varme sidene med ikkje brennbart materiale.

Det er og viktig at pusslaget på innsida av kappa ikkje har manglar ned mot omnstreet slik at det kan bli liggande glør på eller bak det synlege treverket

 

Dårleg trekk

Mange opplever at peisen ryk. Det kan vere mange grunnar til dette, men ein vanleg årsak kan vere mangel på luft inn i rommet der peisen står. God trekk er avhengig av at det kjem luft inn. Etterisolering og bruk av diffusjonstette materialar i vegger og tak vil føre til dårlegare trekk dersom det ikkje vert kompensert med ventilar, eller luftinntak i sjølve murverket

Med opent spjell vil peisen fungere som ein motor i luftskiftet i huset.  For å motverke fukt i bygningar som står utan jamn oppvarming, vil det difor vere bra å la ventilar og spjell stå opne når bygget ikkje er i bruk.

Andre årsakar til røykplage kan vere feil i konstruksjonen. Kanskje er peisen for grunn eller at lysopninga er for stor i høve til høgde og tverrsnitt i pipa. For lite luftvolum bak kappa kan og gjere sitt.

For å rette på dårleg trekk kan ei løysing vere å endre på konstruksjonen. Peisen vil då få ein ny utsjånad, noko som ikkje er ønskeleg i dei gamle eldstadene. Dette vil dessutan vere ei ikkje reversibel løysing.

 

Vedlikehald

Alle eldstader treng ettersyn og vedlikehald.  Inne i ein peis vil store temperatursvingingar over tid føre til skader på murverket. Her kan det vere aktuelt fuge og pusse på nytt eller skifte ut mursteinen dersom skadene er meir omfattande.

I eldre peisar med innvendig leirpuss, må desse setjast i stand med same materiale. Sterkare sementbaserte mørtlar vil ikkje binde seg til den gamle leirpussen. Ulik utviding ved oppvarming vil kunne føre til sprekkdanning og brannfare. Eit godt råd er å legge bålet i botnen av peisen, ikkje oppetter sidene.

Når det gjeld den delen av peisen som ikkje er i kontakt med varmekjelda, må ein og nytte ikkje brennbare materialar og som passar til den originale materialbruken.

Eldre peisar i sitt opphavelege miljø bør ikkje få nytt andlet. Dei er ein viktig del av bygningshistorien og fortener å bli tatt vare på.

Feiing

Feiarvesenet tilrår i mange høve rehabilitering av pipeløpet. Argumenta kan vere til dømes for stort tverrsnitt med for sterk nedkjøling av røyken, det kan vere manglar i fuger eller avskaling og sprekkdanning i murverket.

For liten avstand til brennbart materiale eller der det ikkje er mogleg å inspisere pipa utvendig, fører ofte til fyringsforbod.

Innvendige røyr av stål eller keramikk vil vere ei god sikring og vil endre oppstillingsvilkåra i høve til avstandskrava, slik at pipa kan godkjennast ut frå gjeldande lovverk. Pipa skal vere heil og utan sprekkar, forvitring og manglande fuging må reparerast før ein set inn foring. Ein skal og vere merksam på at ei såkalla rehabilitering vil endre livsvilkåra for den gamle pipekroppen.

Bruk av keramiske røyr fører truleg til at temperatur og luftfuktighet i det originale murverket vil endre seg. I kalde rom kan dette føre til forvitring på grunn av fukt og frostsprenging. Utfrå at slike tiltak er av nyare dato, har me ikkje kunnskap om verknadene på lang sikt. Dette gjeld særleg på leirmurte anlegg.

Stålrøyr har kortare levetid men vil sleppe gjennom meir varme og vil kanskje vere ei betre løysing i høve til materialar som leire og kalk.

Ei foring vil ha mindre tverrsnitt enn  det gamle løpet. Dersom pipa går opp frå toppen av peisen kan ei slik foring kunne føre til problem med trekken. Ein må sørge for eit stort nok luftrom bak kappa og ein glidande overgang til det nye løpet. Det er viktig å vere merksam på at det skal vere luft mellom foringsrøyr og den gamle pipekroppen.

div 524.JPG

Bekdanning aukar faren for pipebrann. Foto: Eystein Greibrokk

Bekdanning aukar faren for pipebrann

Feiing i ein open peis utan å få heile rommet tilgrisa med sot er ei velkjend problemstilling. Står pipa med sotluke ved sida av peisen er løysinga grei. Verre er det når pipeløpet går direkte opp som ei forlenging av eldstaden. Då er det nok ikkje anna råd enn å dekke til opninga så godt det let seg gjere med plast og tape. Feiing ovanfrå vil ikkje få med seg sot og bek der løpet utvidar seg ned mot peisopninga. Her må det feiast nedanfrå dersom det trengst.

I arbeidet  med murverk i eldstader og piper i freda og verneverdige bygg støyter ein på ulike utfordringar i høve til kunnskap om lovverk, materialval og handverk. Det er ingen fasit som seier korleis  arbeidet skal utførast. Det kan vere mange løysingar. Det er likevel viktig å ha respekt for det som er gjort tidlegare. Alle val må gjerast på dei premissa huset gjev, slik at istandsette murverk ikkje vert framandelement utan forankring i den lokale tradisjonen.

;
;