BNL MD
#

Håkonshall får nytt kopartak

Bli med opp på taket og sjå arbeidet på nært hald!

Kopartaket på Håkonshallen var punktert, og Statsbygg er no i gang med rehabiliteringsarbeida som skal sikre eit umisteleg kulturminne for framtidige generasjonar.

Kopartaket på Håkonshallen i Bergen blei sist skadd under orkanen Dagmar i desember 2011. 

Taket blei mellombels utbetra, men no er Statsbygg i gang med ei omfattande restaurering.  Forutan å få eit heilt nytt kopardekke skal taket isolerast og sikrast mot lynnedslag. 

H-HallenTakStillas-max.JPG

Går det etter planen skal stilasane ned i oktober 2013.  Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

Arbeida er i gang på Håkonshallen, krana er på plass, og stillaset er ferdig montert. Taket er planlagt ferdig oktober 2013.  Forventa sluttkostnad er 16 millionar kroner. 

H-HallenTakArbeidere-max.JPG

Juli 2013. Arbeidene er i gång på taketFoto: Elias Dahlen/ Statsbygg

 

mannMotTak-max.jpg

Siste lag med fuktsperre leggjast oppå det nye sutaket før bandtekkinga kjem på plass. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

Statsbygg er byggherre, mens Origo arkitektgruppe AS og Norconsult AS er i prosjekteringsgruppa. Entreprenøren er J H Nævdal Bygg AS – det same bergensfirmaet som gjennomførte restaureringa av Håkonshallen på 1950-talet. 

diffusjonssperre-max.jpg

Her legg ein diffusjonsåpen vindsperre over ny isolasjon. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

– Dagmar gav ikkje berre Håkonshallen ei skrape i lakken, men òg ei real flengje i skroget. Det skal bli fint å utbetre takskadane fullt ut. Håkonshallen er ein ærverdig bygning, og med nytt tak løyser vi både eit praktisk problem og viser bygningen den respekten han fortener, seier regionsdirektør Torbjørn Nævdal i Statsbygg.

H-HallenStillaser-max.JPG

Det er høgt å sjå ned. Ikkje for pysar. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

Takarbeida skal gjennomførast med full verksemd inne i Håkonshallen og med ei rekkje arrangement på Bergenhus.

Håkonshallen er ein kongehall, eit nasjonalt museum og eit minnesmerke. Bygningen er ein freda mellomalderhall og er den finaste festhallen i Bergen. 

stillas-max.jpg

Stillaset er ein sjølvberande konstruksjon og er ikkje festa til Håkonshallen nokon stad. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

Statsbygg har ansvaret for vedlikehaldet av sjølve bygningen. Bymuseet i Bergen har ansvaret for inventar og formidling og arrangement som konsertar og representasjon i samråd med Fylkesmannen.

plattform-max.jpg

Plattforma på stillaset er stor nok til både maskinar og materiell. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

takIsol-max.jpg

Det er ikkje lenge til østsida av taket er ferdig tekt. Det har nesten ikkje vore stopp i arbeidet i det fine vêret - med unnatak av nokre torebyer i sommar.  Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

toPaTaket-max.jpg

Diffusjonsåpen vindsperre blir lagt oppå kryssfinerplatene før det nye sutaket monterast.  Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

sikring-max.jpg

Tryggleiken er viktig! Blant anna er alle som skal arbeide på sjølve taket sikra med sele og fall-line. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

platerHeises-max.jpg

Platene blir monterte saman i heile band før dei blir heiste på plass og festa. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

mannPlate-max.jpg

Montering av koparplater. Platene er så blanke at ein kan spegla seg i dei. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

kobberplater-max.jpg

Koparen er heilt blank når den blir lagt, men byrjar å irre med ein gong. Etter nokre dagar får den ein mørk brun patina som blir grøn etter ein del år. Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

takPerspektiv-max.jpg

Taket mot vest; hovuddelen var ferdig i juli. Muraren må fuge ferdig beslag mellom stein og kopar før tekkinga kan gjerast ferdig.  Foto: Elias Dahlen/ Statsbygg

Kontaktpersonar i Statsbygg:
Torbjørn Nævdal, regiondirektør – 951 19 221
Pål Weiby, kommunikasjonsrådgivar – 922 333 95