BNL MD
#

Ei raud stove og ei lang historie

Det var på hengjande håret at Tonninggarden kunne reddast. Eit år eller to til, så hadde det ikkje vore meir. Då Arnfinn Karlsen kjøpte huset i 2013 hadde han likevel en sjanse til å berge det, takka være at taket var blitt vedlikehald og var tett. Dermed sette Karlsen i gong eit ambisiøst prosjekt.

25323136_10159662084630035_241410227_n kopi.jpg

Bygget ein kan sjå til venstre for Tonninggarden er eit typisk Sunnmørsstabbur, frå midten av 1800-tallet. Det vart frakta med kranbil frå Ulstein. Det andre bygget som er fram for inngangsdøra bygde Karlsen sjølv i 2015. 

Materialar frå eigen skog

Det var mykje skog rundt huset og på garden den gang i 2013. Den sette Karlsen i gong og hogge, og det vart seinare til materialar til grove dimensjonar som golvbjelkar over jordkjellar og til nye spikerslag som vart lagt utanpå det gamle tømmeret. 

- Eg hadde aldri greidd ein flatpakka kommode, men sånne grove, gode ting er kjekt. Og når ein sagar sjølv, så får ein lære meir også, fortel han.

25287306_10159662084655035_1424297343_n.jpg

Rik historie

Den eldste delen av huset er frå midt på 1500-talet. Langt seinare kjøpte Henrik Tonning Jr. ei stove frå Nordfjord og utvida huset, som stod ferdig i 1844.

Det var eit stort hus etter dåtida. Dermed vart det halde heraldstyremøte der, forliksrådet vart samla der og det vart ei stund brukt som skulestove. Det mest historiske møtet som vart halde der, var i 1863 – det aller første møtet som Sjømannsmisjonen har hatt. Det var altså der misjonen vart stifta. Seinare vart det Sjømannskyrkja og no Norsk Kyrkje i utlandet.

 

25323987_10159662084245035_1608694558_n kopi.jpg

Den gamle vedkomfyren på kjøkenet er frå det gamle skulekjøkenet ber i Tjørvåg. Den er frå 1947. 

Historia sit i veggane – og på veggane

I eine stova er det eit vindauge på innerveggen, som man ikkje kan sjå ut av. Vindauget rammer inn eit utsnitt av dei originale tømmerveggane med mønster etter rapping. Rapping var ein vanleg pussteknikk. Tømmerstokkane vart hogd rue med øksa og kløyvde greinar vart lagt på veggane som armering for leirpussen.

I den store bestestova står eit gamalt skap med beslag og motiv av våpenskjoldet til den adelege Michelet-slekta. Det forteljast om Berta Michelet, vart gift til huset ein gong i tida, og Karlsen har teke kontakt med forfattar Jon Michelet for å høyre om det kan være ein slektskap mellom dei.

25276740_10159662084050035_780121121_n kopi.jpg

Skap med beslag og motiv av våpenskjoldet til den adelege Michelet-slekta.

Måling laga dei sjølv

Målinga til huset har Karlsen laga sjølv, både utvendig og innvendig. Den er laga med pigment som vart funne på loftet og linolje. Utvendig er det også måla med linolje med fargepigment i.

- Å lage måling er ikkje noko vanskligare enn å røre i hop ei vaffelrøre. Og so står det til evig tid, det skal jo huset også, seier Karlsen.

Jorda er opparbeidd og driv no med økologiske tidlegpoteter, og når Karlsen flytter inn våren 2018, vil Tonninggarden igjen være Norges eldste bebodde hus.  

25323078_10159662084825035_319677246_n.jpg

Utluset bygde Karlsen sjølv i 2015. Der står mellom anna ein gammal Rapid og blir elles brukt til redskap.  "Traktornaustet" som ligg opp ved vegen har han fått frakta frå Nærøya, bygd omkring 1750. Eige takly til gråtassen er fint!

;
;