Rådgivar teknisk bygningsvern

Stillingstype
100 %, fast
Stillingstittel
Rådgiver
Utlyst av
Forsvarsbygg
Arbeidssted
Oslo
Søknadsfrist
13.01.2020
Kontaktpersoner
Felix Elias J Nyberg
Seniorarkitekt Miljø
40282240
Beskrivelse

Forsvarsbygg er den største statlege eigedomsforvaltar av verna bygningar og anlegg, og har derfor bygget opp ein eigen kulturminneavdeling i miljøseksjonen beståande av 15 medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn; arkitektar, ingeniørar, rådgivarar med handverksbakgrunn, etnologer, master arkitekturvern/kulturminneforvaltinga, historikar m.m. Til denne faggruppa søker vi no ein ny rådgivar teknisk bygningsvern.

Faggruppa yter eit breitt spekter av tenesta innan kulturminnefagleg råd, arkitektur, byggeteknikk og planarbeid. Vårt hovedfokus er å ta vare på Forsvarssektoren si eigedomsportefølje av verna bygg. Vi jobbar med rådgiving internt i Forsvarsbygg, men tar også på oss oppdrag for andre statlege etatar.

 

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene vil primært vere kulturminnefagleg- og bygningsteknisk rådgiving, bl.a. tilstandsanalysar, prosjektering og oppfølging av arbeidarar på byggeplass.
  • Til stillinga følger fagleg og administrativt ansvar for eigne prosjekta, og tverrfagleg samarbeid i avdelinga.

 

Kvalifikasjonar
  • Utdanningsbakgrunn kan vere handverksfagleg og/eller arkitekt, ingeniør el.l., gjerne med ein kulturminnefagleg retning eller etterutdanning innan kulturminnevern.
  • Du må ha kunnskapar og erfaring innan praktisk bygningsvernarbeid, til dømes handverkserfaring eller erfaring frå byggeplass knytt til historisk byggverk.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring frå rådgiving og prosjektering. 
  • Det er ønskeleg at du har god kjennskap til kulturminneforvaltninga
  • Du har gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne bli tryggingsklarert på nivå konfidensielt.

 

Personlege eigenskapar
  • Du er opptatt av fagleg ekspertise og kontinuerleg utvikling.
  • Du har gode samarbeidseigenskapar, men evner også å jobbe sjølvstendig.
  • Du har gode kommunikasjoneigenskapar.

 

Vi tilbyr
  • Lønn som rådgivar (kode 1434) eller som overingeniør/overarkitekt (kode 1087/1094) i lønnstrinn 66-76 (594 400kr - 723 200kr) iht Statens lønnsregulativ.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode utveklingsmoglegheiter 
  • Gratis treningsmoglegheiter
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse