Prosjektkoordinator/arkeolog - kulturarv

Stillingstype
Fast
Stillingstittel
Prosjektkoordinator/arkeolog
Utlyst av
Møre Og Romsdal Fylkeskommune
Arbeidssted
Molde
Søknadsfrist
07.12.2020
Kontaktpersoner
Monica Kjøl Tornes
Assisterande kulturdirektør
971 95 375
Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39
Beskrivelse

Vi søker etter

Prosjektkoordinator/ arkeolog i 100 % stilling i seksjon for kulturarv, arbeidsstad Molde. Tiltreding snarast eller etter nærare avtale. Den som blir tilsett inngår i eit team med 14 tilsette fordelt på to faggrupper - arkeologi og nyare tids kulturminne, men vil også jobbe tett opp mot avdelinga ellers.

Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken - engasjement, bærekraft og mangfold. I motsetnad til tidlegare nasjonale mål, som har vore objekt- og tilstandsfokusert, legg den nye meldinga vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Dei nye nasjonale måla knytt til engasjement, berekraft og mangfald er vidareført gjennom vår eigen fylkesplan.

Kulturavdelinga har fleire satsingar knytt til verdiskapingsprogram og ulike utviklingsprosjekt. Den som blir tilsett skal koordinere og vere sentral i denne satsinga i seksjonen. Dette inneber å kople og knytte tilsette i seksjonen til prosjekta og be om nødvendige leveransar for at program og prosjekt held nødvendig framdrift. Stillinga inneber også forvaltning av automatisk freda kulturminne med arealplanarbeid i eit utval kommunar.

Seksjonen har eit nært samarbeid med Riksantikvaren, Universitetsmusea, kommunane og ulike utbyggingsaktørar, og inngår i fagleg nettverk regionalt og nasjonalt.

Den som blir tilsett må ha eit sterkt ønske om å arbeide aktivt for å utvikle ein organisasjonskultur som skal bere preg av å vere dynamisk, entreprenørprega og kreativ for at vi skal utvikle feltet inn mot ei ny tid.

Du får jobbe med å

  • Initiere, utvikle og drifte prosjekt. Vere prosjektleiar i enkelte prosjekt knytt til avdelinga sine verdiskapingsprogram/prosjekt innan kulturarvområdet
  • Drive fram omstilling i forvaltninga og fornye arbeidsmetodar
  • Utvikle kunnskapsgrunnlag for feltet som grunnlag for politikkutforming og regionale prioriteringar
  • Sakshandsaming/arealplanarbeid knytt til automatisk freda kulturminne i utvalde kommunar
  • Arkeologisk registrering, mindre private tiltak
  • Arbeide med tilskot, skjøtsel og tilrettelegging av freda og verneverdige kulturminne

Vi søker deg som

  • Mastergrad eller hovudfag i arkeologi. Anna relevant utdanning på same nivå kan bli vurdert
  • Erfaring frå kulturminnevern og arkeologisk registrering/feltarbeid, fortrinnsvis frå regional kulturminneforvaltning
  • Erfaring med sakshandsaming av arkeologiske kulturminne i arealplansamanheng
  • Erfaring frå arbeid i team og nettverksarbeid
  • Erfaring frå offentleg forvalting og god kunnskap om det norske politiske og administrative system
  • Gode datakunnskapar og digital kompetanse
  • Kunnskap om prosjekt, prosessleiing, involverings- og medverknadsprosessar
  • Evne til jobbe sjølvstendig, vere nysgjerrig og samtidig dele og inkludere (samhandlingsevne)
  • Lagspelar, god lyttar og pådrivar for feltet
  • Førarkort, kl. B.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar.

Avdelinga har 42,5 årsverk og eit bruttobudsjett på 300 millionar kroner. Den som tiltrer stillinga får vere med å utvikle kunst og kulturfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt. Fylket byr på eit mangfaldig kulturliv med nærleik til naturen og ulike urbane tilbod. Det er kort veg til flyplass med avgangar til inn og utland i alle våre tre byar.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Lenke