Formidlarstilling for handlingsboren kunnskap

Stillingstittel
Fast 80%. Auke til 100% stilling vurderast
Utlyst av
Ryfylkemuseet
Arbeidssted
Sand i Suldal
Søknadsfrist
01.11.2020
Kontaktpersoner
Marie Bønløkke Missuno
Avdelingsleiar
919 01 255
Anette Opheim
Formidlar
404 71 503
Beskrivelse

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylkeregionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.  Barn og ungdom er ei prioritert målgruppe for museet. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Hovudsatsingsområda er inkludering og kulturelt mangfald, og immateriell kulturarv med særskilt fokus på folkemusikk, bygningsvern og den berekrafta som ligg i tradisjonshandverk.

Ryfylkemuseet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda. Formidlingsavdelinga består for tida av fire personar, med ca. 3,5 årsverk, i tillegg til eit varierande tal sommarvertar og midlertidig tilsette. Avdelinga har eit breitt arbeidsfelt med stor variasjon i kvardagen.

 

Om stillinga

Ryfylkemuseet har ledig fast stilling som museumsformidlar i 80% stilling. Ein auke til 100% stilling kan vurderast. Formidlaren skal ha hovudfokus på formidling av immateriell kulturarv/ handlingsboren kunnskap, særskilt formidling av tradisjonshandverk.

Det er ulike fagbakgrunnar og kompetansar som kan vere interessante for stillinga. Vi vil vurdere kompetansen din ut frå korleis den passar inn og styrker kompetansen i avdelinga som heilheit. For oss er det viktig at du passar inn i teamet, og vi vil difor legge vekt på personleg dugleik. Den rette personen har ein kombinasjon av kompetanse, både gjennom utdanning og erfaring. Difor vil utdanningsgraden ikkje vere den avgjerande faktoren for oss.

 

Kven ønskjer vi oss

Du bør ha kompetanse innan tradisjonshandverk og/ eller folkemusikk, og du må ikkje vere redd for å lære nye ting eller for å lære bort ting. Som formidlar med fokus på handlingsboren kunnskap, er det viktig at du har «kunnskapen i hendene», og du bør vere innstilt på å vise og lære bort i praksis, ikkje berre teoretisk.

Som museumsformidlar bør du ha erfaring med prosjektleiing, kunne organisere og gjennomføre arrangement og formidlingsopplegg av ulike slag, ha pedagogisk kompetanse og gjerne noko erfaring med publikumsrelasjonar, kommunikasjon eller marknadsføring.

Det er også ein fordel med høgare utdanning og/ eller erfaring med vitskapleg arbeid, der dokumentasjons- og forskingsprosjekt ofte blir gjennomført på tvers av avdelingane, og handverksforsking er eit satsingsområde for museet.

Som formidlar møter du alle slags menneske i forskjellige roller, så du må like å jobbe i lag med folk og vere flink på å kommunisere.

 

Me søkjer deg som:

  • samarbeider godt med andre, men også trivst i sjølvstendig arbeid
  • er ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har kunnskap om og erfaring med tradisjonshandverk
  • har kunnskap om og gjerne kompetanse i folkemusikk
  • er initiativrik og kreativ
  • liker å ha mange ballar i lufta samtidig, men også klare å få dei ned (gjennomføringsevne)
  • er god på å snakke med folk og er samlande
  • er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt

 

Det er ønskjeleg at du har ein eller fleire av desse kvalifikasjonane:

  • høgare utdanning innan relevante fag, til dømes pedagogikk, handverksfag, folkemusikk, kulturhistorie, eller publikumsrelasjonar
  • handverksutdanning og/ eller erfaring med tradisjonshandverk
  • erfaring med prosjektleiing, arbeid med frivillige, formidling til ungar

 

Formidlingsavdelinga har stor variasjon i oppgåvene, så mykje kan vere interessant. Vi veit at ingen kan alt, men viss du kjenner deg igjen i mykje av det du har lest, vil vi veldig gjerne møte deg.

Vi har vore gjennom eit generasjonsskifte som har endra kva slags kompetanse vi har i organisasjonen. I tillegg er vi i gang med ei større satsing på organisasjonsutvikling. Vi vil difor også vurdere strukturen i avdelinga og oppgåvefordeling. Det betyr at du har moglegheit til å vere med på å utforme din eigen arbeidsplass og gi avdelinga ei ny retning.

 

Vi kan tilby:

  • eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer
  • medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i KLP
  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten
  • fleksibel arbeidstid
  • hjelp til å finna bustad i Suldal
  • moglegheit for fagleg utvikling

 

Stillinga inneber ei del reising i regionen og du må difor ha førarkort for bil.

Søknad vedlagt CV skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand.