Fagansvarleg drakt og tekstil

Stillingstittel
Fagansvarleg drakt og tekstil
Utlyst av
Aust-Agder Museum og Arkiv
Arbeidssted
Setesdalsmuseet
Søknadsfrist
01.03.2020
Kontaktpersoner
Leonhard Jansen
Leder for Setesdalsmuseet
926 33 740 Send e-post
Beskrivelse
Fast stilling som fagansvarleg drakt og tekstil

AAma vart etablert i 2015 då Aust-Agder kulturhistoriske senter IKS, Setesdalsmuseet IKS og Stftelsen Grimstad Bys museer vart slått saman. Eigar er Aust-Agder fylkeskommune og alle kommunane i Aust-Agder.

Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum. Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.

Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen. Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto m.m., og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.

Setesdal har ein unik drakttradisjon, og fagansvarleg for drakt og tekstil går no av med pensjon. Museet søkjer difor etter ny medarbeidar som kan ha ansvar for og vidareutvikle Setesdalsmuseet som ein kunnskapsbank innan draktskikk og tekstilar i regionen.

Hovudoppgåver

  • Forvalte, dokumentere og formidle museet sine tekstilsamlingar.
  • Dokumentasjon av drakt og draktskikk brukt i kvardag og fest.
  • Samarbeide med samlingsforvaltar i høve til registrering av tekstilar.
  • Førebyggjande konservering.
  • Utstillingsarbeid.
  • Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innanfor fagfeltet.
  • Take del i andre oppgåver i tråd med museet sine strategi- og handlingsplanar.

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Mastergrad, bachelor eller fagbrev med fokus på tekstil-/ handverkarfag. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Erfaring frå tilsvarande arbeid, og gjennomføringsevne vil verte vektlagt.
  • Førarkort er nødvendig.
  • Personlege eigenskapar vert lagde vekt på.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt.
  • Vere løysingsorientert.
  • Har gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • God datakompetanse.

Anna

  • Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar.
  • Løn etter avtale.
  • God pensjonsordning gjennom KLP.

Spørsmål til stillinga kan rettast til avd.leiar for Setesdalsmuseet, Leonhard Jansen tlf. 926 33 740 eller mail lbj@setesdalsmuseet.no

Sektor: Offentlig
Sted: Setesdalsvegen 3273, 4748 Rysstad
Bransje: Arkiv og bibliotek, Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon: Design / Klær
Lenke