MUSEUMSHANDVERKAR

Stillingstype
100%
Stillingstittel
Museumshandverkar
Utlyst av
Ryfylkemuseet
Arbeidssted
Nordenden 14, 4230 Sand
Søknadsfrist
30.01.2019
Kontaktpersoner
Stina Ekelund Erlandsen
Avdelingsleiar
919 05 106
Sven Hoftun
Driftsleiar
959 09 447
Beskrivelse

Ryfylkemuseet forvaltar 85 bygningar og to større antikvariske båtar, og er det største bygningsmuseet i Rogaland. Bygningssamlinga representerer eit stort spenn i alder, sosial tilknyting, bruksområde og byggeteknikk. Ryfylkemuseet har lenge arbeidd med dokumentasjon av den lokale byggeskikken og handverket som har skapt den.

Museet har eit ansvar for også å ta vare på sjølve handverket, den immaterielle kulturarven, og arbeider med å atterreisa og spreia kunnskapen om dei gamle tradisjonelle bygningsfaga for å sikra kvaliteten på arbeidet med bygningane slik at dei kan stå fram som truverdige referanseobjekt for den lokale bygningsarven.

MUSEUMSHANDVERKAR 100% stilling

Arbeidet med bygningsvern er organisert i ei bygningsavdeling som har ein fast tilsett antikvar/avdelingsleiar og tre museumshandverkarar. Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift for lærling i tømmerfag.

Har du utdanning innanfor tømrarfaget e.l. og erfaring med restaurering av kulturhistoriske bygningar og/eller fartøy? Brenner du for tradisjonshandverk og vil gjerne lære meir om det? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Ein av våre museumshandverkarar skal pensjonere seg, og vi søker etter ein etterfølgar i 100% stilling. Vi ønskjer tiltreding 1.august 2019.

Museumshandverkaren er ein del av bygningsavdelinga. Hovudsete er Sand i Suldal, men avdelinga har ansvar for vedlikehald av museets anlegg spreidd i heile Ryfylke. Vi søker ein person som kan arbeide sjølvstendig og i team. Avdelinga har ansvar for vedlikehald av eigne anlegg, og det inneberer mange forskjellige oppgåver og ein variert arbeidskvardag. Vi ønsker oss difor ein kollega som er løysningsorientert, fleksibel og allsidig. Personlig dugleik vil bli vektlagt.

Ved større restaureringsprosjekt kan det bli aktuelt at museumshandverkaren får ansvar for ein arbeidsgjeng. Ryfylkemuseet har ein lang tradisjon med å arrangere kurs i tradisjonelle handverk, og ønsker å vidareutvikle satsinga på formidling av bygnings- og fartøyvern. Vi ønsker oss difor ein kollega som er komfortabel med å formidle kunnskap, for eksempel som kursleiar eller under arrangement.

Arbeidsoppgåver:

  • Restaurering og vedlikehald av antikvariske bygningar og anlegg.
  • HMS og deltaking i beredskaps- og sikringsarbeid.
  • Utføre tilsyn, internkontroll, drift og vedlikehald av bygg og anlegg.
  • Bidra i registrering og prioritering av tiltak som må gjennomførast.
  • Følgje opp eksterne leverandører og leveransar i eigne bygg.
  • Dokumentasjon og registreringsarbeid av antikvariske bygningar og fartøy.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan tømrarfaget eller anna relevant handverksfaglig utdanning. Omfattande erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kompetanse og erfaring frå restaurering/vedlikehald av antikvariske bygningar og/eller fartøy og kunnskap om eldre byggeteknikkar og byggeskikk.
  • Erfaring frå museum.
  • Interesse for og gjerne kompetanse i tradisjonshandverk.
  • Sertifikat for BE trengs i stillinga.
  • Det er ein fordel med kurs innan HMS, stillas o.l.

Me ønskjer at

  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • du er initiativrik, målretta og resultatorientert.
  • du evner å skape ein utviklingsorientert kultur.
  • du er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • du liker å lære meir og ønsker å utvikle deg i jobben.

Me tilbyr:

  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske medarbeidarar.
  • Medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP).
  • Løn og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten. Stillinga er plassert i stillingskode 1136 driftsteknikar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Høve til aktiv deltaking i nasjonale og internasjonale fagmiljø.
  • Hjelp til å finna bustad i Suldal.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Stina Ekelund Erlandsen, tlf. 919 05 106, eller driftsleiar Sven Hoftun, tlf. 959 09 447.
Søknad med CV og referansar kan sendast til post@ryfylkemuseet.no. Søknadsfrist: 30.01.2019
Original vitnemål, attestar og annan dokumentasjon må leggast fram etter nærmare førespurnad.

Lenke