AVDELINGSLEIAR / KONSERVATOR

Stillingstype
80 - 100%
Stillingstittel
Konservator
Utlyst av
Ryfylkemuseet
Søknadsfrist
30.01.2019
Kontaktpersoner
Anna Ehrhardt,
Direktør
919 09 132
Trygve Brandal
Avtroppande avdelingsleiar
919 05 602
Beskrivelse

Vår avdelingsleiar for samlingsavdelinga skal pensjonere seg, og vi søker etter ein etterfølger i 80-100% stilling.

AVDELINGSLEIAR/KONSERVATOR

Samlingsavdelinga har to faste stillingar: Avdelingsleiar og arkivar (80%), samt eventuelle prosjektstillingar. Avdelingsleiaren inngår i leiargruppa ved museet. Det ligg personal- og budsjettansvar til stillinga. Avdelingsleiaren har også resultatansvar og eit overordna ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Personleg dugleik vil vere ein viktig faktor.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide planar for og leia arbeidet med museet si samlingsforvalting.
  • Etablera gode rutinar for samlingsutvikling, dokumentasjon, bevaring, konservering og tilgjengeleggjering av museet sine samlingar.
  • Utvikling og vedlikehald av IT-kompetanse knytt til katalogisering og digitalisering av samlingane. Museet sine digitale samlingsverktøy er Primus og Asta.
  • Ansvar for vedlikehald og struktur i museet sitt digitale magasin.
  • Delta i samarbeid om samlingsforvalting for musea i Rogaland.
  • Ansvar for samarbeid med gjenstandsteamet og fotoarkivar i Fellestenestene for musea i Rogaland.
  • Delta i museets forskingsarbeid.

Me ønskjer at:

  • Du har erfaring frå museumsarbeid, konservering og/eller arbeid med samlingsforvalting i museum.
  • Du har høgare utdanning i museumsrelevante fag.
  • Du har erfaring med forsking og publisering.
  • Du har god IT-kompetanse.
  • Du evner å skape ein utviklingsorientert kultur.
  • Du har erfaring med å skrive prosjektbeskrivingar og søknader.
  • Du er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • Det er ein fordel om du har konservatorgodkjenning frå Museumsforbundet.
  • Du er systematisk og strukturert.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Me tilbyr:

  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer.
  • Medlemskap med pensjonsordning og forsikringar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP).
  • Løn og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten. Stillinga vil bli plassert i stillingskode 1003 avdelingsleder.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Høve til aktiv deltaking i nasjonale og internasjonale fagmiljø.
  • Kontor med flott utsikt til fjord og fjell.
  • Hjelp til å finna bustad i Suldal.

Museet er desentralisert med mange anlegg i regionen. Stillinga vil medføra ein del reising, så du må ha førarkort klasse B. Vi ønskjer tiltreding snarast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, tlf. 919 09 132, eller avtroppande avdelingsleiar Trygve Brandal, tlf. 919 05 602.

Søknad med CV og referansar kan sendast til post@ryfylkemuseet.no. Søknadsfrist: 30.1. 2019.

Original vitnemål, attestar og annan dokumentasjon må leggast fram etter nærmare førespurnad.

Samlingsavdelinga omfattar ansvar for museet sine samlingar av gjenstandar, foto, privatarkiv, lyd- og filmopptak.