#

Neptun sildeoljefabrikk freda av Riksantikvaren

Då Neptun sildeoljefabrikk på Melbu i Nordland vart etablert i 1910, var den landet sin mest moderne sildoljefabrikk. I dag er råstofftankane konsertarena, og Norsk Fiskeindustrimuseum held til i dei gamle produksjonslokala.

Industriell produksjon av sildeolje i Noreg starta på slutten av 1870-tallet då eit britisk selskap etablerte ein fabrikk for fiskeguano i Brettesnes i Lofoten. Dette var starten på eit industrieventyr som Neptun sildeoljefabrikk er ein viktig del av. Anlegget ligg i eit typisk nordlandsk landskap, med tilgang til havet og ei trygg hamn. Riksantikvaren fredar anlegget som representant for den industrielle fiskerinæringa i Nord-Noreg. Anlegget er ein del av bevaringsprogrammet for 15 tekniske og industrielle kulturminner. Desse anlegga representerer eit nasjonalt tverrsnitt av kulturminne knytta til den industrielle utviklinga i Noreg.

- Neptun er det nordlegaste av anlegga i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Det er eit utruleg spanande kulturminne som skildrar historia om den norske fiskeindustrien, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I dag nyttast dei gamle råstofftankane som konsertarena og det er museumsdrift i dei gamle produksjonslokala.

- Føremålet med fredninga er å sikre ein representant for den industrielle fiskerinæringa og foredling av fiskeråstoff. Bruk er godt vern! På den måten vert fabrikken teken vare på når den ikkje lenger er i ordinær drift, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Neptun-sildeoljefabrikk-2.jpg

Neptun sildeoljefabrikk er freda av Riksantikvaren som ein representant for den industrielle fiskerinæringa. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historisk bakgrunn

I 1916 var det 32 eller 48 sildoljefabrikker i Norge, avhengig av kva kjelder som leggjast til grunn. 19 av desse lå i Nord-Noreg, og var landet sine største og mest moderne sildeoljefabrikkar. Frå 1930-talet endra tilhøva i sildoljeindustrien seg og mykje av produksjonen vart samla på Vestlandet. På 60-talet førte overfiske, overkapasitet og prisfall på den internasjonale marknaden til krise i sildoljenæringa. Anlegget vart kraftig modernisert mot slutten av 70-talet, men etter kvart som silde- og loddebestanden kollapsa, forsvann grunnlaget for vidare drift. Fabrikken vart lagd ned i 1987. Museet er åpent i sommarsesongen mellom 20.06.−31.08 og elles etter avtale.

Første gang publisert hos Riksantikvaren 26.11.2019

Logo RA-gull kopi.jpg
Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og er faglig rådgiver for Klima- og Miljødepartementet i utviklingen av den statlige kulturminnepolitikken.

Klikk her for å gå til Riksantikvarens hjemmeside

;
;