#

Baroniet i Rosendal

Stormfulle dalstrok

Midt i fruktlandskapet i Hardanger ligg noko så sjeldan som eit norsk baroni. Her er historia om eigarane og intrigene som høyrer til denne fantastiske staden.

Noreg har ingen adel, likevel har vi eit baroni. Rosendal er eit gods og tidlegare baroni i Kvinnherad kommune, i Vestland fylke. Slottsanlegget blei freda i 1923, og er no eit museum. Her kan du oppleve gamle hus, kulturelle aktivitetar og eit vakkert kulturlandskap.

Saman med fagdirektør Ulf Holmene snakkar vi oss gjennom historia kring Baroniet. Høyr podkastepisodane om baroniet i Rosendal her:

 

Baroniet i Rosendal episode 1

Baroniet i Rosendal episode 2

 

Historia om Baroniet er både dramatisk og spanande. Den inneheld alt du kan forvente frå eit vaskeekte adelsdrama. Ekstravagante baronar og baronesser, pengeproblemer, kunst og kultur, utruskap og kjærleik.

Portal Lene Buskoven, Riksantikvaren

Vakre ornament over porten til Baroniet. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

“Borgen” ved fjorden

Godset Rosendal, med slottet som sto ferdig i 1665, vart opphøgd til baroni i 1678 av kong Christian V av Danmark-Norge. Baroniet har karakter av en «Ferme ornée». Det vil seie at det er ein landleg eigedom delvis anlagt etter estetiske prinsip og delvis for landbruksføremål.

Hovudbygninga vert omtalt som “Borgen” og blei oppført i 1662-1665. Det er eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig og unikt anlegg i norsk historie. Slottet er bygd av kalka gråsteinsmur i to etasjar.

 

Ulike stilepokar

Slottet er ei vandring gjennom ulike stilepokar, og det har blitt utforma av ulike eigarar gjennom 250 år. I dag er det framleis bevart som den heimen det var i 1927. Dei staslegaste romma på slottet er på ulikt vis døme på det beste som kunne framskaffast av kunst- og kulturgjenstandar frå Danmark, Noreg, og Frankrike som var stilidealet på 1600-talet.

 

Slottet er ei vandring gjennom ulike stilepokar, og har blitt utforma av ulike eigarar gjennom 250 år

Logo RA-gull kopi.jpg
Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og er faglig rådgiver for Klima- og Miljødepartementet i utviklingen av den statlige kulturminnepolitikken.

Klikk her for å gå til Riksantikvarens hjemmeside

Birger Lindstad Og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Foto: Birger Lindstad og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Interior Birger Lindstad Og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Foto: Birger Lindstad og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Vindu Birger Lindstad Og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Foto: Birger Lindstad Og Joppe Christensen, Riksantikvaren

Baroniet i dag

Frå 1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone. I 1927 fekk Universitetet i Oslo godset i gåve. Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet.

Hus I Hagen Lene Buskoven, Riksantikvaren

På eigedomen finnst det også mindre hus. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

Vitjar du Baroniet i dag kan du framleis kjenne historia i veggane. Du kan vandre i Renessansehagen og Landskapsparken, oppleve kulturarrangment og overnatte i herskapelege omgjevnader.

Les meir om Baroniet i Rosendal her.

Kjelder:
snl.no
kulturminnesøk.no

 

Denne artikkelen ble første gang publisert Riksantikvarens nettsider 11. september 2020

;
;