BNL MD
Kurs

TREseminaret: Kunsten å lære

Startdato
25.04.2024
Sluttdato
26.04.2024
Varighet
9 timar
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

Kunsten å lære: 

Kva skjer i hjernen når vi driv med kunst, kultur og handverk? Eller: Kvifor har mennesket drive med kulturaktivitet til alle tider, utan at det nokon gong har døydd ut? Dette kurset vil vera eit hybrid workshop-foredrag som tek deltakarane med inn i hjernen og undersøkjer kva som skjer når ein driv med kunst-, kultur og handverksaktivitetar. – Kva kjenneteiknar aktivitetar som har positiv effekt på hjernen si utvikling? Korleis kan vi rigge skule-aktivitetane slik at det stimulerer læring, kreativitet, meistring og glede? Workshop-foredraget tek utgangspunkt i prosjektet Kunsten å lære, eit forskings-, kunst- og skuleutviklingsprosjekt som har sett på nettopp koplinga mellom kultur og hjernen i skulen. Les meir om prosjektet her: https://kunstenalare.no

Om kurshaldarane:      

Marie Othilie Hundevadt: Scenekunstnar, lærar og rådgjevar for Den kulturelle skolesekken i Innlandet fylkeskommune. Prosjektleiar for Kunsten å lære.

Ulrika Håkansson: Førsteamanuensis og klinisk psykolog, Institutt for psykologi, Høgskolen i Innlandet. Forskingsleiar i Kunsten å lære.

Målgruppe for kurset:

Deltakarar på Sløydskulen, lærarar, andre som er interesserte i kunst, kultur, handverk og skule.

Påmelding
Telefon
93281930
Arrangør
Senter for bygdekultur as, Hjerleid handverksskole, Dovre handverkssenter as, Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon
Kursholder
Marie Othilie Hundevadt og Ulrika Håkansson
Adresse
Jøndalsvegen 3B, 2662 Dovre
;
;