BNL MD
Kurs
Vindusrestaurering på Røros bygningsvernsenter. Foto: CEWG

Kurs i å lage varevindu

Startdato
03.05.2024
Sluttdato
05.05.2024
Varighet
24 timer
Sted
Fagernes, Valdres
Beskrivelse

Me som er så heldige å bu i gamle hus kan gjerne få ei kjensle av at det kan vera litt kaldt om vinteren. Heldigvis er det grep ein kan gjera for å få det betre. Tetting av trekk, etterisolering på rett måte, og, setja inn varevindauge i glasa. Dette siste er kanskje der ein kan føla det mest, og der effekten blir størst. For ofte er det ikkje varevindauge i dei gamle glasa, og det kan vera vanskeleg å få nokon til å lage slike.

Difor tenkjer me på Valdresmusea at det å ha kurs i dette, slik at me kan laga våre eigne varevindauge, og også læra korleis me best skal montera dei, at det vil vera eit godt tiltak for at fleire av desse viktige bygningsdetaljane som dei gamle glasa er, vert tekne vare på! Gode kopiar kan vera bra, men kva er vel betre enn originalen?

Påmeldingsfrist
20.04.2024
Telefon
61 35 99 07 / 976 89 065
Pris
Kr 3.800 inkl. materialar (rabattpris kr 3.300 for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort til Valdresmusea).
Arrangør
Valdresmusea
Kursholder
Tone Bråthen
Adresse
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
;
;