Kva grep kan gjerast for at eldre bygningsmasse kan brukast også i framtida? Korleis kan vi skapa endring i måten vi bygger på utan at vi øydelegg for mykje av naturen?
Tidene er i endring – og vi med dei. Slik har det alltid vore, men forventningane til komfort, både heime og på hytta, er større enn nokon gong. Men også klimaet endrar. Våte vintrar gir gode vekstvilkår for mugg og sopp. Dette er forhold som bryt ned husa i raskt tempo. Med skyhøge straumprisar og høge levekostnadar er det mange forhold som påverkar måten vi i framtida skal bygge og bu. Straumstøtte og byggeforskrifter åleine løyser ikkje utfordringane. Vi må bygge ny kompetanse som løyser problema på nye måtar.