Kurs
Skifertak, Folkemuseet i Oslo. Foto: cewg

Taktekking med villskifer på TREseminaret

Startdato
26.04.2021
Sluttdato
29.04.2021
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald: 

-kursdeltakerar skal få ei innføring i starten på å leggje eit villhelletak.

-lære å leggje lekter for steinen.Det er storleiken på skiferhellene som bestemmer dette.

-lære å rette opp kantane på hellene som ein skal starte med, bore eller stemple hol for spikar.

-transportere stein opp på taket.

-hellene skal tilpassast kvarandre.

I løpet av kurset vil ein prøve å få fullført tekkinga på eit lite hus i tørrmur. Kurset skal gje kunnskap om å leggje eit tradisjonelt skifertak.Målet er å lære seg gode arbeidsteknikkar og bruk av rett verkty/reiskap til å bearbeide steinen.Tileigne seg forståing for steinens struktur, lære å vurdere steinens fiberretning, slik at steinen blir kutta riktig.

Innhaldet i kurset vil basere seg på opparbeidd kunnskap formidla av kurslærar gjennom mange års arbeid med taktekking og bearbeiding  av stein, lært av andre tradisjonsberarar.
 

Kurslærar: Arne Letrud

Utstyr:

Ta med verneutstyr og vernesko, hanskar og arbeidsklede.

Kurskriterier​

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skader under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

Telefon
61 24 05 51
Pris
kr.4 600,- Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta. 30% i studentrabatt
Arrangør
Senter for bygdekultur as, Handverksskolen as, Dovre Handverkssenter as, Norges Husflidslag og Studieforbundet Kultur og tradisjon
Kursholder
Arne Letrud
Mer informasjon
Adresse
Jøndalsvegen 3, 2662 Dovre