Kurs

Hest og skogsdrift på TREseminaret

Startdato
26.04.2021
Sluttdato
29.04.2021
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald: Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til tømmeret blir køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til bruksområdet, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Ein del blir teke ut som tynningsvirke. Her går vi gjennom prinsippa for oppbygging av "emneskogen". Det skal plukkast ut både skigardstaur, kornstaur, gjerdestenger, skived, eldved, gangstre, langtømmer og skurdtømmer.

Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar. 

Utstyr: Vernesko,skogsøks,arbeidsklede,hanskar,sikkerheitsutstyr (hjelm), tømmersaks (dersom du har)

Kurslærar: 
Felle tre med handreiskap: Steinar Moldal
Køyre fram tømmer med hest: Jo Kåre Bakke

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar.

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast.

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

Telefon
61 24 05 51
Arrangør
Senter for bygdekultur as, Handverksskolen as, Dovre Handverkssenter as, Norges Husflidslag og Studieforbundet Kultur og tradisjon
Kursholder
Steinar Moldal og Jo Kåre Bakke
Mer informasjon
Adresse
Jøndalsvegen 3, 2662 Dovre