Kurs

Dørsnekring på TREseminaret

Startdato
26.04.2021
Sluttdato
29.04.2021
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald:

Det skal lagast til saman 3 dører i løpet av kurset (2 labankdører og 1 fyllingsdør) Desse skal monterast i lafteforskningshuset (HUSET) på Hjerleid. Dette er eit unikt byggverk med 35 ulike lafteteknikkar. Etter tre år med kurs og samlingar av handverkerar frå heile landet, er det nye lafteforskningshuset no i ferd med å reise seg som eit signalbygg på Hjerleid-tunet.HUSET skal fullførast gjennom kurs og undervisning for elevar og kursdeltakerar på Hjerleid. 

HUSET skal etterkvart nyttast på dagtid til seminar, utstillingar, kurs, fagbibliotek, «lesesal» for elevar og studenter – og vise modeller av ulike lafteteknikkar.

Temaer:

- dimensjonering av materialer (for hand)

- dørsamanføyngar (for hand)

- materiallære.Treslag, kvalitet osv

- verkty og verktysliping

Kurslærar: 

Njål Andreassen har utdanning innan møbelsnekring og treskjæring frå Handverksskolen på Hjerleid. Arbeider til dagleg i Kvass AS som driv med  spesialproduksjon av møbler og innreiing.

Utstyr:
Deltakerane må ta med personleg verneutstyr.

Ta elles gjerne med grunnleggande verkty som:

-høvel

-hoggjarn

-klubbe

-sag(langvedsag,kappsag)

-tommestokk og blyant


Kurskriterier

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er fredag 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

Telefon
61 24 05 51
Pris
6 050 kr. Alle måltid + drikkekopp i tre er inkludert i kursavgifta. 30% i studentrabatt
Arrangør
Senter for bygdekultur as, Handverksskolen as, Dovre Handverkssenter as, Norges Husflidslag og Studieforbundet Kultur og tradisjon
Kursholder
Njål Andreassen
Mer informasjon
Adresse
Jøndalsvegen 3, 2662 Dovre