Kurs
Det er i pilgrimshytta grua skal både varme og fø besøkende

BEKREFTET AVLYST - Tørrmuring

Startdato
23.04.2020
Sluttdato
26.04.2020
Sted
Bygningshistorisk park, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald:
Deltakarane får innføring og øving i grunnleggjande leirmuring og tørrmuringsteknikk. Kurset har ein teoretisk del som inneheld prinsippa for muring. Den er basert på bildemateriell, orientering om dei vanlegaste bruksområda og hovudtypene av tørrmura og leirmura konstruksjonar. De vil og få innføring i korleis byggje ein god jordkjellar, eldstad med pipe, samt få prøve seg på utkragingsteknikk. Ved muring av eldstad med pipe, er leire brukt i kombinasjon med naturstein.

Utstyr:

Deltakarane må ta med personleg verneutstyr. Høyrselsvern og vernebriller er nødvendig. Ein kan bruke skogshjelm med hørselsvern og visir. For støv kan det vere lurt å ha med støvmaske. Deltakarane må ha gode arbeidsklede og kle seg godt. Det er lurt å ha solide bukser med kneputer, hanskar og vernesko.

Det er fint om deltakarane har med seg noko av følgjande verkty (som minstemål ta med steinhammar, spett og slegge).

  • liten steinhammar

  • sleggje

  • spitt, stort

  • spitt, lite einhands

  • piggsett, liten/stor

  • holsett (dobbeltsett), liten/stor

  • meislar av ulike slag og storleikar

  • meterstokk

  • spade

  • grafse og trau

Kurskriterier​

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

Påmeldingsfrist
23.03.2020
Telefon
95 77 57 70
Pris
6 000kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta
Arrangør
Senter for bygdekultur, Handverksskolen og Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Kursholder
Haakon Aase
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Bygningshistorisk park, 2662 Dovreskogen