Kurs

BEKREFTET AVLYST - Taktekking med villskifer

Startdato
24.04.2020
Sluttdato
26.04.2020
Sted
Bygningshistorisk park, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald

Lære prosessen og teknikken med bruk av villskifer i taktekking.I løpet av kurset vil ein prøve å få fullført tekkinga på eit lite hus i tørrmur. Kurset skal gje kunnskap om å leggje eit tradisjonelt skifertak.Målet er å lære seg gode arbeidsteknikkar og bruk av rett verkty/reiskap til å bearbeide steinen.Tileigne seg forståing for steinens struktur, lære å vurdere steinens fiberretning, slik at steinen blir kutta riktig.

Innhaldet i kurset vil basere seg på opparbeidd kunnskap formidla av kurslærar gjennom mange års arbeid med taktekking og bearbeiding  av stein, lært av andre tradisjonsberarar.

Utstyr:

Ta med verneutstyr og vernesko, hanskar og arbeidsklede.

Kurskriterier​

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skader under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

Påmeldingsfrist
23.03.2020
Telefon
95 77 57 70
Pris
kr.4 550,- Alle måltid er inkludert i kursavgifta
Arrangør
Senter for bygdekultur, Handverksskolen og Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Kursholder
Arne Letrud
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Bygningshistorisk park, 2662 Dovreskogen