Samling

Tradisjonshandverkarsamling - Taktekking på Ruistoga

Startdato
20.09.2020
Sluttdato
20.09.2020
Varighet
14.00 - 19.00
Sted
Ruiplassen og Eidsborg
Beskrivelse
Sundag 20. september inviterer vi til tradisjonshandverkarsamling på Eidsborg. Arrangementet er ope for alle interesserte. Tema for dagen er: Når er det best å gjere minst mogeleg
Tradisjonshandverkarsamling er ein uhøgtideleg måte å dele kunnskap på. Nokon gonger kan me møtast i praktisk arbeid. Andre gonger møtest me, drikk kaffi, høyrer eit føredrag og diskuterer aktuelle tema innan bygningsvern.
Høvet for denne samlinga er kunnskapsdeling og kompetanseoverføring i samband med restaureringsarbeid på Ruistoga. Arbeidet blei støtta av Kulturminner for alle, Fortidsminneforeningen, Kulturminnefondet, Ta eit tak og Tokke kommune.

Program for dagen er todelt og ope for alle. Fyrste del er på Ruiplassen, andre del på Vest-Telemark museum.

Kl. 14.00, Ruiplassen: Alice Haukelidsæter, eigar, viser og fortel på Ruiplassen. Kl. 16.00, Eidsborg: Thomas Sandvik Jacobsen, tradisjonshandverkar (bildet), viser bilete og fortel frå restaureringsarbeidet.
Kl. 16.45, Eidsborg: Else Marie Skau frå Fortidsminneforeningen fortel om høva for å søke tilskot.
Kl. 17.00, Eidsborg: Dag Feldborg, kulturhistorikar, snakkar om temaet "Av og til er det best å gjere minst mogeleg".
Påmelding
Telefon
35069090
Pris
100,-
Arrangør
Fortidsminneforeningen i samarbeid med Vest-Telemark Museum
Kursholder
Thomas Sandvik Jacobsen, Else Marie Skau, Dag Feldborg m.fl.
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo