Kurs

Ope skogskurs

Startdato
18.02.2020
Sluttdato
19.02.2020
Sted
Valsøyfjordvegen 1349, 6687 Valsøyfjord
Beskrivelse

Geitbåtmuseet - Husasnotra inviterer til ope skogskurs for alle interesserte 18.-19.02.2020. Kurset er støtta av Trøndelag Fylkeskommune.

Instruktør: Jon B Godal
Hestekjøyrar: John Eidsmo
Sagbruk: Sunnset sag, ved Haavard Sunnset
Stad: Dag 1 Meldal, Snoensmoen
Dag 2 Sunnset Sag, Hølondvegen 2600, 7212 Korsvegen
Overnatting: Bergmannskroa på Løkken verk, er eit alternativ

Dag 1:

- Hogging av emne til stikkspon

- Hogging av emne til saging av to eldre kledningstypar.

- Uttak av virke med hest.

Dag 2:

- Saging av stokkar på Sunnset Sag.

- Vi sagar virke med 12 tommar toppmål slik at vi får bord lik dei ein ofte finn før 1860. Det vert gjennomgått øksing/rying av bakhunen

- Det vil då bli att ein blokk med 9toms bord. Det er kjøpmannsbord. Til heimleg bruk vart det oftast saga yterparallelt og ukanta. To ulike grunnmønster.

- Parallellskur på sirkelsag. Bord til ulik bruk på ulike stader i treet.

- Gjennomgang av sagbrukshistorikk og kledningstypar

Spon som tekking er svært gammal og tekkjemåten har eit svært stort utbreiingsområde. Her til lands kom tekking med hoggen tjukk spon meir eller mindre bort i laupet av 1600 åra. Då fekk vi einperiode med tjukk spon tilvirka av plank som vart diagonalkløyvd, truleg med grindsag. Tynn maskinframstilt spikar kom på marknaden tidleg 1800. Maskinframstilt småspikar gjorde tekking med tynn spon mogleg. Stikker/stukken spon og etter kvart høvla flis vart svært vanleg tekking.
På Nordmøre og i Romsdal er tynn spon (stikker) viktig taktekking frå kring midten av 1800 åra og frametter til i 1950- åra då denne tekkemåten etter kvart kom av bruk. Saga spon(skingel), ca ½ - 5/8 tomme tjukk kom også tidleg med. Dei eldste kjende døma er frå 1870-åra. I Møre og Romsdal var det i tillegg til å tekkje også vanleg å kle vêrveggen med spon. Stukken spon var den vanlegaste, men saga spon både på tak vegg var heller ikkje uvanleg.
Takspon varer 30 – 60 år. På vegg ser det ut til at sponen var opp til dobbelt så lenge. Dei har si tid og lyt fornyast. Sidan 1960 er det svært få som har tekt og eller kledd på denne måten. Difor er spontak og sponveggar no i ferd med å forsvinne. Eit viktig karakterdrag i kulturlandskapet kjem dimed bort. Difor er det grunn til å nye opp att kunnskapen om å lage og leggje spon.
Målgruppene er handverkarar; sjølvstendige så vel som tilsette i museum og firma som tek oppdrag innafor arbeidsfeltet og gardbrukarar. Gardbrukarane kjem både inn i høve restaureringsoppgåver på eige bruk og som skogeigarar med vilkår for å kunne levere material og/eller ferdige spon.

Antall deltakarar: 10

Kurset er gratis, men kurset krev overnatting

 

Påmeldingsfrist
10.02.2020
Pris
Gratis
Arrangør
Geitbåtmuseet - Husasnotra
Kursholder
Jon B. Godal