Lappeskifer, klippet i rund- eller dråpeform. Foto: Anne Madsen, TEF

UTSATT PÅ UBESTEMT TID - Kurs i skifertekking

Startdato
16.04.2020
Sluttdato
18.04.2020
Varighet
09.00 - 17.00
Beskrivelse

Kurshaldar er Odd Arne Rudi frå Valdres som har lang erfaring med skifer. Tradisjonshandverkar Sveinung Sletten hjelper til, og Innlandet Fylkeskommune arrangerer. 

Kurset skal gi kunnskap om å legge dråpeskifer på tak. Lekting er ein viktig del av prosessen, så det er berre sløyfene som er lagt på førehand. Nye og opphavelege skiferstein skal tilpassast kvarandre. Det er viktig å planlegge godt for at taket skal bli både tett og pent. Det er eit mål å lære seg gode arbeidsteknikkar og bruk av rett reiskap til å bearbeide og feste steinen. Deltakarane skal også forstå strukturen og fiberretninga i steinen. 

Ta på varme klede, vernesko/verneutstyr og hanskar. Ta med hammar, og tekkehammar om du har, tommestokk, blyant, sag, ei lita øks, sitjeunderlag og ein tom boks (for eksempel isboks). Rudi tek også med seg noko verktøy for sal.

 

Foredrag
Torsdag kl. 19 i Østerdalsstua held Rudi foredrag om skifer, kvalitetar og bruk. Arrangementet er ope for alle.

 

Tur til skiferbrot
Laurdagen blir det synfaring i det nedlagte skiferbrotet i Imsdalen der den gamle skiferen på loftsbygningen var henta frå. I brotet får vi gå og sjå og høyre om uttaket av skifer som føregjekk her tidlegare. Det tek ein halvtime å køyre til brotet frå garden. Folk får gjerne samkøyre frå bom i Imsdalsveien kl. 10. Ta gjerne med niste og gode sko.

 

Søstu Vestgard er ein gard på vestsida av Glomma med to freda bygningar frå 1700-tallet. Loftsbygningen som vi skal legge skifer på er lafta i god kvalitet med ei spesiell høgstue i andre etasje som var i bruk da garden var skysstasjon. Den andre freda bygningen er ei østerdalsstue/sommarstue som nyleg er sett i stand.

Telefon
99490087
Pris
Gratis
Arrangør
Innlandet fylkeskommune
Kursholder
Odd Arne Rudi
Adresse
Søstu Vestgard, Koppang