Kurs

BEKREFTET AVLYST - Hest og skogsdrift

Startdato
20.04.2020
Sluttdato
23.04.2020
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

Kursinnhald: 

Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til tømmeret blir køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut trær med riktig kvalitet i høve til bruksområdet, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Ein del blir teke ut som tynningsvirke. Her går vi gjennom prinsippa for oppbygging av "emneskogen". Det skal plukkast ut både skigardstaur, kornstaur, gjerdestenger, skived, eldved, gangstre, langtømmer og skurdtømmer.

Deltakarane får kunnskap om reiskap, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar. 

Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, handskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), tømmersaks (dersom du har)

 

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 27. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

Telefon
95 77 57 70
Pris
6 000 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgifta
Arrangør
Senter for bygdekultur, Handverksskolen og Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Kursholder
elle tre med handreiskap: Jon Bojer Godal Køyre fram tømmer med hest: Jo Kåre Bakke ​
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Jøndalsvegen 3b, 2662 Dovre