Foredrag

Bygningsvernar og stibyggar Geirr Vetti kjem til Valdres Folkemuseum

Startdato
17.02.2020
Sluttdato
17.02.2020
Varighet
19.00 - 21.00
Sted
Valdres Folkemuseum
Beskrivelse

Vetti er godt kjend over det ganske land med sine mange bidrag for at folk flest skal kunne koma seg ut i naturen på ein trygg og god måte, utan at slitasja på fjell og myr skal bli for stort.
Gjennom fleire sesongar har han ved hjelp av sherpaer frå Nepal satt i stand og bygd trapper og stigar for at me skal kunne koma oss ut.

Vetti er også godt kjend i bygningsvernmiljøet, han har blant anna satt i stand garden Skåri i Skjolden i Sogn.
I 2012 fekk han Riksantikvaren sin kulturminnepris for sin ekstraordinære innsats.
No har Vetti etablert seg i Valdres, og tek måndag 17.februar turen til Valdres Folkemuseum for å fortelja om sitt arbeid, om stigar som han ved hjelp av sherpaene har fått bygd, også her i Valdres. Vidare kjem han inn på den store jobben det var å setja i stand garden Skåri.

Han har også vore på besøk i høglandet Nepal, hjå dei flinke folka han leiger inn derifrå.
Alle er velkomne til å høyra Geirr Vetti fortelja om sitt arbeid i kulturminnevernet si teneste, på Valdres Folkemuseum denne kvelden.

Pris
kr.100,-
Arrangør
Valdres folkemuseum sammen med Verne-Vøla, Valdres Historielag og Valdres Rotary
Kursholder
Geirr Vetti
Adresse
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes