Omvisning

Barnas TREseminar

Startdato
24.04.2020
Sluttdato
26.04.2020
Sted
Hjerleid, Dovre
Beskrivelse

TREseminaret - eit arrangement for heile familien!

I helga kan både liten og stor få vere med å lære om tradisjonshandverk.
Meir informasjon om Barnas TREseminar 2020 blir lagt ut her så snart det er klart. 


Tidspunkt: 
Fredag 24. april kl. 09.00 — 17.00
Lørdag 25. april kl. 09.00 — 17.00
Søndag 26. april kl. 09.00— 13.00.
Moglegheit til å delta ein eller flere dager.

 

Kursstad: Oppmøte ved gulbygget på Hjerleid. 

Måltid: Deltakerane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks, og frukt kl.10.00 og 14.00 kvar dag. Søndag serverer vi blandagraut og spekemat kl.13.00

Kursinnhald: 
For andre året inviterer vi barn i grunnskulealder til Barnas TREseminar. La barna få vere med å lære om tradisjonshandverk på eige kurs under TREseminaret på Hjerleid. Her får dei prøve seg på tradisjonelt trehandverk, og dei lærer om teknikkar, materialar og skjærande verkty. I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, tek vi ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med lafting, smiing, møbelsnekring, tømmerkøyring med hest og mykje mer. Og så blir det sjølvsagt mykje leik og moro! Slik kan foreldre/besteforeldre med godt samvet gå på
«vaksen-kurs» på TREseminaret, og ha barna med på Dovre. Kurset er ope for alle som er interessert, og det er inga forutsetning for påmelding at foreldre skal gå kurs. Passar for barn i skulealder.

UtstyrBarna må vere kledd for å vere ute, og kan gjerne ha med egen spikkekniv, men vi har også kniver og verkty til utlån.


Påmeldingsfrist
23.03.2020
Telefon
95 77 57 70
Arrangør
Senter for bygdekultur, Handverksskolen og Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Kursholder
Arild Larsen, husflidskonsulent i Hedmark.
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Jøndalsvegen 3b, 2662 Dovre