Kurs

Smiing

Startdato
26.04.2019
Sluttdato
28.04.2019
Sted
Smia på Hjerleid
Beskrivelse

Tidspunkt: Fredag 26.april, kl.09.00 – søndag 28. april 2019, kl.13.00

Kursavgift: 4 450 kr. Alle måltid er inkludert i kursavgift.
Kursstad:  Smia på Hjerleid

 

Kursinnhald:

Kurset passar både for nybegynnarar og vidarekomne. Undervisinga blir tilpassa kvar enkelt deltakar. Kursdeltakarane lærer blant anna grunnleggande arbeidsteknikkar i smiing. Det er blir høve til å smi eggverktøy også (kniv, øks, hoggjern etc). Kurset omfattar også stell av essa, bruk av reiskap, materialkunnskap og litt om herding, esse-sveising og overflatebehandling.

 

Kurset vil i hovudsak bestå i praktisk arbeid i smia, i tillegg til innføring i sikkerheit og noko teori om stål og stålets eigenskapar.

 

Kurslærar: Karl Eklund Pedersen og Mattias Helje

Utstyr:

Deltakarane må ta med personleg verneutstyr. (Briller, høyrselsvern, handskar etc.) Vi oppmodar om å ta med eigna klede (tekstilar som ikkje smeltar, toler varme og gneister). Deltakarane som har og ønskjer, kan ta med eigne tenger og hammar.

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

Telefon
95 77 57 70
Pris
4 450 kr
Arrangør
TREseminaret
Kursholder
Karl Eklund Pedersen og Mattias Helje
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Jøndalsvegen 3B