Kurs

Møbelsnekring

Startdato
23.04.2019
Sluttdato
28.04.2019
Sted
Hjerleid
Beskrivelse

Kursstad: Hjerleid


Kursinnhald: Kurset vil gje ei innføring i praktisk arbeid med tre. Tre er eit materiale med lange tradisjonar, men også i dag treng vi materiale av tre til møbel, smykke og innreiingsprodukt. Funksjon og utsjånad kan vere svært enkelt eller svært komplisert. Eigenskapar som handlag, kreativitet og formgjeving er viktige element til det å skape løysningar for å designe og lage møbel og andre produkt.

Målet er å gje deltakarane kjennskap til teknikkar, materiale og verkty. Inspirere den handverksinteresserte til å lage enkle, men fine produkt med god design og form, med utgangspunkt i kunnskapen kurset har gjeve.

Den grunnleggande metoden er herming. Kurslærar viser korleis det skal gjerast, deretter får deltakarane prøve å gjere det same. Saman med læring av teknikkar, formidlar kurslærar munnleg og skriftleg, kunnskap om materiale, tradisjonar og handverk. Under instruksjonen blir det sett ord på tradisjonen og produksjonen for å formidle forståing og omgrep. Kurset gjev ei praktisk og teoretisk innføring i fleire samanføyingar som blir brukt i handverksprodukt.

 

  • (Sinking)

  • Kantfuger

  • Tapp og tapphull

  • Ståande bladsamanføying

  • Noting med sirkelsag

  • Grading med handverkty

 

Eksempel på produkt:

Enkel krakk/taburett

Dette er et prosjekt som krev meir tid og ferdigheiter.

Eks. på samanføyingar: Kant-mot-kant-fuge av heiltre, note, lage tapphull og tapp. (sink).  

Lage løysningar av form, og design, med utgangspunkt i skisseforslag.

 

Litteratur: Kurslærar har med instruksjonshefte.

 

Nivå:

Kurset passar for nybegynnarar med kjennskap til faget, og med litt kjennskap til sliping av handverkty. 

Kurslærar: Robert Wiik

Utstyr: 

Ta med dersom du har:
Måle- og merkeverktøy:​

  • Blyant

  • Strekmål

  • Stål/meterstokk

  • Vinkel

  • Stillbar vinkel

  • Skyvelære
     

Handverkty:

  • Stemjern (6mm, 10mm og 16 eller 19mm i bredde)

  • Pusshøvel

  • Hammar​

  • Japansk sag og bakksag/tappsag ca. 300 mm lang

  • Japansk sag får alle kjøpt på kurset til ca. Kr. 300,- 

Dersom du ikkje har, kan du låne noko verkty her på Hjerleid, men ikkje Japansk sag. Ønskjer du å kjøpe verkty før kurset, er det lurt å snakke med kurslærar fyrst.

Kurskriterier

  • Kursinnhald er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ein velkomst-e-post med stadfesting av påmelding

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter fristen må kursavgift betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved attestert sjukemelding frå lege

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer eventuelle skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar

Telefon
95 77 57 70
Pris
7 750 kr
Arrangør
TREseminaret
Kursholder
Robert Wiik
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Jøndalsvegen 3B