Loppemarked

Loppemarknad for bygningsdelar

Startdato
11.05.2019
Sluttdato
11.05.2019
Sted
Fagernes
Beskrivelse

Me i Verne-Vøla ynskjer å ta vare på gamle hus, helst der dei står og på ein god antikvarisk måte. Det er ikkje alltid det let seg gjera, hus kan bli for dårlege til at dei let seg ta vare på, eller at dei ikkje lenger fyller dagens krav eller står i vegen for diverse utbyggingar.


I mange slike tilfelle tek eigaren kontakt med Verne-Vøla si redningsgruppe!
Slik så har me formidla hus til nye glade eigarar, me har også vore inne i hus som skal fjernast og redda bygningsdelar, slik som dørar, glas, golv og panel.


Noko av tanken med ei slik redningsgruppe er at fyrst og fremst dei som er med på aksjonen skal kunne ta det dei vil. Andre ting vert satt på lager for seinare bruk. I samband med Handverkardagen på Skiferplassen som Valdresmusea og Verne-Vøla skal ha 11.mai, vil det bli ein del bygningsdelar til sals, slikt som me har redda og som me håpar kan få nytt liv. Her vil det bli hyggelege prisar som alle kan leva med!


Dette vil bli ein Loppemarknad for bygningsdelar, kanskje den fyrste i sitt slag!
Om det er nokon som har bygningsdelar de ikkje har bruk for kan de gjerne ta dei med til Skiferplassen denne dagen, så kan me hjelpa til slik at dei kan koma til nytte for andre!

Pris
Gratis
Arrangør
Verne Vøla og Valdresmusea
Adresse
Skifervegen, 2900 Fagernes