Kurs
Lafting. Foto: Else "Sprossa" Rønnevig

Lafting

Startdato
26.04.2019
Sluttdato
26.04.2019
Sted
Laftehallen på Hjerleid
Beskrivelse

Kurs I: Tysdag 23.april, kl.09.00 – torsdag 25.april kl.17.00
Kurs II: Fredag 26.april, kl.09.00 - søndag 28.april kl.13.00 
Kursavgift: 4 450 kr per kurs. Alle måltid er inkludert i kursavgifta.

Kursstad: Laftehallen på Hjerleid

Kursinnhald: 

Kurset blir dagleg organisert med ei kort teoretisk innleiing, deretter er resten av dagen praksis med teoretiske innslag. Målet er at det skal vere tilrettelagt slik at den teoretiske oversikta blir ivaretatt for kvar enkelt deltakar, men i større grad variert praktisk.


Kurset vil gje ei praktisk innføring i fem lafteteknikkar, laft med anar frå middelalderen og fram til i dag. Øvingsteknikkane har ulikt opphav geografisk. Laft som vil bli praktisert er:

  • Finndalslaft
  • Skorolaft
  • Rævskorolaft
  • Barkelaft
  • Luslaft


I tillegg til desse laftetypene, vil vi vise ulike innhoggingsmetodar for slinner og beter, samt åslaft. Det vil og bli demonstrert, og moglegheit til å prøve, andre teknikkar (til dømes Raulandslaft og ”kurslaft”)​

Kurslærar: Henning Olstad 

Utstyr:
Deltakarane må ta med personleg verneutstyr. For dei som vil prøve seg med motorsag, er det påbod om vernesko og vernebukse. Det er tilrådd å ta med "favorittøksa" di, om du har ei slik, samt relevant lafteverkty som meddrag, passar, tommestokk og blyant, vater, fargesnor, huggjern, klubbe, navarer, smaløks, andre økser, handsag, bandkniv, skjøve, høvel (okshøvel, langhøvel, rubank) osv.


Kurskriterier

  • Kursinnhaldet er med atterhald om mindre endringar

  • Ved påmelding får deltakaren ei stadfesting og ein velkomst-e-post

  • Påmeldingsfrist og siste dag for å melde seg av er 25. mars

  • Etter frist for å melde seg av, må kursavgifta betalast

  • Kursarrangør returnerer 100 % av kursavgifta ved legeattestert sjukemelding.

  • Deltakar må sjølv halde skadeforsikring som dekkjer skadar under kurset. Arrangør har inga forsikring for deltakarar.

Telefon
95 77 57 70
Pris
4 450 kr
Arrangør
TREseminaret
Kursholder
Henning Olstad
Mer informasjon
Lenke