Kurs

Kurs i tradisjonell tørrmuring

Startdato
23.05.2019
Sluttdato
25.05.2019
Sted
Koppen Gard
Beskrivelse

Har du lyst til å læra deg tørrmuring eller treng fagleg påfyll? Haakon Aase vil leia oss gjennom helga, kor du vil læra å mura steintrapp og støttemur.
Kurset vert halde i tunet i Koppen på Osterøy. Det vert arrangert to kurs: 2. – 4. mai og 23. – 25. mai.
Kurset vert støtta av Kulturminnefondet.

 

Torsdag: Kl. 17:00-21:00, stad: Gamlahuset

  • Historisk tilbakeblikk
  • Grunnprinsippa for tørrmuring
  • Ulike typar mur og bruksområde
  • Bruk av stein på Vestlandet
  • Stein og verktøybruk

 

Fredag og laurdag: Kl. 08:00-15:30, stad: tunet i Koppen

  • Prinsippa; band, tverrband og lega
  • Legging av bakfyll/innfyll
  • Killing og pinning
  • Bruk av verktøy og bearbeiding av stein
  • Prinsipp å fylja ved restaurering; korleis skilja mellom ulik typar murverk
  • Grunnarbeid og legging av murfot, drenering m.m.

 

Kursavgift

Kr. 1500,- for kvart kurs. For begge kr 2500,-. Må belastes før kurset byrja. Torsdag vert det servert kaffi og kaffimat. Fredag og laurdag vert det servert varm lunsj, kaffi/te/saft. Viktig å gje beskjed om det er noko du ikkje kan eta, som gluten, mjølk, svin, m.m. For deltakarane er all servering inkludert i kursavgifta.

 

Påmelding
Telefon
91994205
Pris
1500,- til 2500,-
Arrangør
Koppen Gard
Kursholder
Haakon Aase
Lenke
Adresse
Koppen, Hansdalsvegen 236, 5281 Valestrandsfossen, Hordaland