Kurs

Kurs i høvling av kledning

Startdato
28.02.2019
Sluttdato
01.03.2019
Sted
Lillingstonheimen på Tysse i Fjaler
Beskrivelse

Invitasjon til kurs i handhøvling av kledning

Hausten 2016 var Jarle Hugstmyr frå Norsk Handverksinstitutt her og lærte oss å lage høvlar – no er han tilbake og skal lære oss å høvle kledning! 28. februar til 1. mars held vi kurs i høvling av kledning på Lillingstonheimen i Fjaler.


Tema som takast opp er

- Kanting av bord med øks, og med grindsag eller handsag.
- Flaskhøvling med skrubb og sletthøvel både på høg benk og sitjande på låg benk/forsete.
- Kanthøvling både i skottbenk og med langhøvel.
- Evt. justering av omlegg med fletthøvel/falshøvel.
- Høvling av ulike kantprofilar.
- Litt enkelt om materialval.
- Eggform på skrubb og sletthøvlar.
- Litt om sliping.



Påmelding innan 1. februar til Ove Losnegård, post@ovelos.no, 97 07 91 39

Treng du overnatting? Ta kontakt med Alexander på Lillingstonheimen, lillingston@fortidsminneforeningen.no, 99 25 90 72



Påmelding
Påmeldingsfrist
01.02.2019
Telefon
97 07 91 39
Pris
1800,-
Arrangør
Fortidsminneforeininga og Jensbua Kystkultursenter AS
Lenke
Adresse
Lillingstonheimen 6968 Fjaler