Kurs

Foredrag/kurs tørrmuring

Startdato
18.09.2019
Sluttdato
21.09.2019
Sted
Stalheim
Beskrivelse

Onsdag 18. september kl. 17-21 blir det ein foredragskveld open for alle som er interesserte i emnet – og obligatorisk for dei som skal vere med vidare på den praktiske delen av kurset. Foredragskvelden føregår på Stalheim Hotel og inkluderer servering av mat og drikke. (Pris for dei som deltek på foredragskvelden aleine vert kunngjort seinare.)

Torsdag 19. – laurdag 21. september blir det tre kursdagar i praktisk tørrmuring, frå ca. 0800-1530 samtlege dagar. Kurset føregår på Stalheim Folkemuseum – Tønneberg Samlinger. Pris: 1500,-, inkl. foredragskvelden + lunsj, frukt og drikke dei øvrige kursdagane + guida omsyning i museet.

Overnatting: Stalheim Hotel kan tilby hotellrom med frukost til ein god pris for kursdeltakarane. Det finst også andre overnattingstilbod i området.

Kurset er eit samarbeid mellom Verdsarvparken og Stalheim Hotel.

NB: Kurset vert arrangert under føresetnad av tilstrekkeleg tal påmelde.

Påmelding
Påmeldingsfrist
03.09.2019
Telefon
95141438
Arrangør
Nærøyfjorden Verdsarvpark og Stalheim Hotel
Kursholder
Tradisjonsmurar Haakon Aase