Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin

Skottbenken, ei blogg verd!

Norsk Skottbenk Union

Norsk Skottbenk Union er ei eksklusiv foreining for eigarar av skottbenkar som dei sjølv har laga. Vi starta opp i 2010 i etterkant av eit eige kurs i snikring av skottbenk under Handverksdagane på Røros. 

Vi har som mål å stimulere til auka bruk av skottbenk og tilhøyrande verktøy og spreie kunnskapen om dette. Vi har vårt utspring i Noreg og har også størstedelen av medlemmar her. Vi har gode støttespelarar i Sverige som også har tilsvarande arbeidsbenkar som skottbenken, her kallast dei “fogbock”. I Danmark kjenner vi tilsvarande til ordet “fugbænk” som er det same som skottbenk.

Bilete over: Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv Holmin

Arbeidsbenk for handhøvling

Ein skottbenk er ein arbeidsbenk som brukast når ein med handhøvel skal rette kantar på bord, gjerne til pløgde golvbord.

Benken har som regel to lange bord som er montert på to føter på ein slik måte at ein kan spenne fast borda som skal høvlast mellom dei to lange borda. Dei to langborda har ein heilt rett og plan overkant som nyttast som anlegg for djubdestopp for meiane på skottoksen eller ploghøvlane.

Roald Renmælmo høvlar fjør med ploghøvelen. På kvar side har plogen ein meie som gjer at høvestålet ikkje får ta meir når det når ned på overkant av langborda. Skottbenken er ein noko nedkorta kopi av skottbenken frå Kverndal i Målselv. Foto: Roald Renmælmo
Roald Renmælmo høvlar fjør med ploghøvelen. På kvar side har plogen ein meie som gjer at høvestålet ikkje får ta meir når det når ned på overkant av langborda. Skottbenken er ein noko nedkorta kopi av skottbenken frå Kverndal i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Historisk snikkarhandverk 

Norsk Skottbenk Union er ei samanslutning av handverkarar med interesse for historisk snikkarhandverk. Mange av oss arbeider med restaurering av gamle trehus og prøvar å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Det kan vere sparsamt med kunnskap og kompetanse å støtte seg på i ein del av dette arbeidet. Vi kan støtte oss på spor som vi finn i det aktuelle huset, vi kan finne verktøy lokalt som vi kan knyte til desse spora og vi kan kanskje også finne nokon som har kunnskap som er nyttig?

Tause kjelder

Kjeldene vi som regel har å støtte oss på, er for det meste “tause” (verktøyspor og gamalt verktøy) og “snakkar” berre til oss gjennom våre eigne erfaringar. Ved å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar så byggjer vi opp meir erfaring som gjer at vi kan forstå desse “tause” kjeldene på nye måtar. Ved å dele våre erfaringar på denne bloggen kan vi prøve å skape ein kollektiv erfaringsbank som vi kan ha gjensidig nytte av. Vi kan også aktualisere skottbenkar og verktøy i samlingane til musea på ein ny måte ved å setje desse inn i ein kontekst som er forståeleg for folk.

Oppfordrer til å bidra

Norsk Skottbenk Union er avhengig av at du skal bidra i vårt fagmiljø slik at vi kan spreie kunnskapen om skottbenken. Det er mange skottbenkar som ventar på å bli oppdaga rundt om i verden. Det kan  vere vanskeleg å oppdage skottbenkar mellom mykje anna “skrot” i dei bygningane dei ofte er sett bort i. Skottenkane har sjeldan vore brukt dei siste 60-70 år og då har ikkje dei yngre generasjonane kjennskap til kva dei tilsynelatande merkelege greiene er for noko.

Du kan sjølv vitja bloggen:

http://skottbenk.wordpress.com/

;
;