Tre - materiale og konstruksjoner

#

Det er lange tradisjonar for å byggje med tre i Noreg. Litteraturen vi har samla på emnet videreformidler den materialkunnskapen som er overført i generasjonar. Vi har og forsøkt å samle dei beste bøkane om ulike konstruksjonar som tildømes laft og grindbygg.

Tre til laft og reis, Jon Bojer Godal
Tre til laft og reis, Jon Bojer Godal

Jon Bojer Godal, 1994: Tre til laft og reis. Gamle hus fortel om materialbruk. Landbruksforlaget.

Boka tek for seg materialkvalitet i laftetømmer, slik ein kan lesa han ut av ståande hus. Innfallsvinkelen er både teknologisk og historisk. Boka syner ein parallellitet mellom kvaliteten i hustømmeret og den skogteknologiske og skogpolitiske historia. Med gjennomgang av oppbygginga av ei bartrestamme. Har litteraturliste. Illustrert.

Tre til tekking og kledning, jon Bojer Godal
Tre til tekking og kledning, jon Bojer Godal

Jon Bojer Godal, 1994: Tre til tekking og kledning. Frå den eldre materialforståinga.Landbruksforlaget.

På grunnlag av intervju og samarbeid med eldre tømmrarar og analysar av eksisterande bygg, tek boka for seg emne frå materialforståinga. Vekta er lagd på ytre kledning og taket, og boka tek opp leggjemåtar og kva slags tre som kravdest. Med litteraturliste. Illustrert. © DnBB AS 

Beresystem i eldre norske hus, Godal, Moldal, Oalann og Sandbakken
Beresystem i eldre norske hus, Godal, Moldal, Oalann og Sandbakken

Jon Bojer Godal,  Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken, 2009: Beresystem i eldre norske hus. Tapir akademisk forlag.

"Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar gjennom eit tidsspenn på nesten 900 år. Dette er ein viktig del av norsk byggjeskikk og ein rik tradisjon som det er publisert lite om tidlegare. Grunnlaget for framstillinga er ein omfattande dokumentasjon av kring 1000 byggverk frå Vardø i nord til Lista i sør, og av dei aktive utøvarane sine arbeidsmåtar."  Med ordliste og litteraturliste. © DnBB AS

Håndlaft
Håndlaft

Ola Steen, 2003: Håndlaft. Landbruksforlaget.

Boken inneholder detaljerte tegninger og beskrivelser av tradisjonell håndlaft, med hovedvekt på tapplaft. Ord og uttrykk innen lafting er forklart. Boken er en revidert utgave av Hytter i tømmer/bindingsverk, bd. 2, fra 1996. Har stikkordregister.

Lafteboka
Lafteboka
Peter K. Thomsen, 2002: Lafteboka. Lafting trinn for trinn. Tun forlag
 
Håndlaft er brukskunst, et håndverk som stiller krav til tømmermann, verktøy og materiale. Lafting med rundtømmer er den eldste måten å lafte på, der treets naturlige form gir bygningen liv. Boka er egnet for nybegynnere, og viser i trinn for trinn i tekst og bilder, hvordan du lafter med rundtømmer. Teknikken som vises er tilpasset alle slags tømmerprofiler, og kan brukes både på skjærte og ovale lafteplank. I boka får du gode råd om alt fra oppføring av grunnmur, til vedlikehold av ferdig bygg og en ryddig oversikt over verktøy myntet på lafting. Forfatteren kommer fra Kristiansand og har lært setesdalslafting av Odd Tom Risdal fra Hornnes i Vest-Agder. 
Lafting
Lafting
Kristian Strømshaug, 1997: Lafting - emne og omgangsmåte. Landbruksforlaget.
 
Boka fortel om lafting i eldre og nyare tid. Boka går også inn på kva lafting er, kva reiskapar ein bruker og korleis ein gjer det. Har ordliste og litteraturliste. Illustrert. 
Praktisk lafting
Praktisk lafting
Bjørn Hogsnes, Ole Sageng og Svein Leine, 1992: Praktisk lafting (heftet). Yrkesopplæring.

Boka gjennomgår skritt for skritt oppmerking og hogging av lafteknuter, medrag og åser. Det er kapitler om åser, tak og taktekking. Mange store og tydlige tegninger illustrerer fremgangsmåten i detalj.