BNL MD

Høvelbenk frå Oppigard Skori, Åmotsdal Seljord kommune

#

Høvelbenken kjem frå garden Oppigard Skori, i Skorigrendi, Åmotsdal, Seljord Kommune. Alder på benken er vanskeleg å seie, men det ser ut til at benken har vore mykje i bruk..

Total lengde er 225cm. Høgda frå golv til topp benkeplate er 72 cm. Breidde er 33 cm ved baktange og 46cm ved framtange. Hovudbenkeplata er av grån og ca 6cm tjukk, og smalnar av frå ei breidde på 36cm på det breidaste og 32cm i toppen. Ho ser ut til å vere kløyvd og delvis skanta på undersida. Framtangen og baktangen er laga i bjørk og har treskruar med samme dimensjon. Klossen som heng i hop med skruen på baktangen er også av bjørk. Beina er laga av halvkløyvd smågrån og hogne grovt til og tappa gjennom benkeplata. Det er i alt 19 hol i benkeplata som er rekna på å sette benkehake i. Det er varierande avstand og plassering på hola, men dei går stort sett langs midten av benken. Hola ser ut til å vere bora med navar då dei er koniske. Hola som er lite bruka er framleis runde, medan ein del er firkanta etter slitasje frå benkehaka. Det er også tre hol i sida av benkeplata.

img_8612.jpg

Baktangen og midtstykket sett frå undersida.

hc3b8velbenk-oppigard-skori-mc3a5lsatt-skisse.jpg

Høvelbenken frå Oppigard Skori. Skisse av Håkon Telnes Fjågesund

Framtanga er sett saman av tre bitar, pluss treskrue. Det går ein bolt tvers gjennom heile benken som er festa med firkantmutter på både sider. Tappane som går gjennom stykket på enden er plugga med små trepluggar (0,8cm diameter), og dette stykket er tappa gjennom stykket med treskruven i. Denne tappen er også plugga på samme vis.

img_8604.jpg

Høgda på benken er berre 72 cm

Klossen med benkehaka i er kopla på baktangen med boltar. Hovudet på bolten er felt inn i treverket og festa med bøygde spiker, og mutter i andre enden, på utsida av baktangen. Treskruven er gjenga i trestykket som sitt fast på enden av benkeplata. Boltane fungerar som ei slags skinne som dreg med seg midtstykket ut når baktangen skruvast ut. Midtstykket er felt inni benkeplata på kvar side i eit spor som det kan gli i.

Høvelbenken er enkel, men ber samstundes med seg mange alternativ for fastspenning av emne. Hola på sida av benkeplata er det vanskeleg å seie korleis er bruka, men eg ville tru det kunne vere praktisk å slå i pluggar som emnet kunne kvile på i bakkant, ved fastspenning i framtangen. Eg har sjølv arbeidd ein del ved ein liknande benk og nytta dette prinsippet for å stø emnet. Baktangen fungerar som ein vanleg tverrstilt baktange, men midtstykket som benkehaka er festa i gjev baktangen enda ein funksjon, då midtstykket trekker seg tilbake ved opning av baktangen, og gjev ei opning som er fast i tre sider. Ved bruk av denne opninga til fastspenning for til dømes endevedhøvling får ein ei sentrert belasting på skruven i baktangen, i tillegg til at sidene i opninga er faste og kan brukast aktivt til å «låse» emnet. Det er også rikeleg med hol for plassering av framre benkehake. I alt 19 hol. Innhakket i sida av benken er vanskeleg å tolke, men det kan vere mogeleg at dette er ein modifisert høvelbenk. Detaljane i bjørk (fram- og baktange), ser mykje yngre ut enn benkeplata grunna både utforming og slitasjespor. Fram- og baktangen framstår som relativt lite slitt i forhold til benkeplata.

img_8613.jpg

Truleg spor etter ei eller annan innfesting, og hol i sida av benkeplata.

Høgda på benken er 72 cm. Samanlikna med moderne høvelbenkar er dette noko lågt, men ikkje ulikt det som er vanleg på eldre benkar.  I motsetnad til ordinær benkehøgde gjev denne benken rom for bruk av kroppen til fasthalding av emne. Det er lett å sette eit kne oppå benkeplata for å halde fast, og ved tapping og liknande arbeidsoperasjonar kan ein lett sitte på emnet for å halde det fast. Dette er berre lause teoriar, men det må nesten vere ein grunn for at benken er laga så låg. Dette er eit fenomen eg også har sett på ein del andre eldre høvelbenkar, men her må det nok litt nærare undersøkingar til for å slå fast noko.

img_8599.jpg

Detalj av baktången, sett frå oversida. Midtstykket blir med ut når baktangen opnast. Ein får soleis enda eit tvingepunkt i holet mellom benkeplata og midtstykket med benkehaka i.

hc3b8velbenk-frc3a5-oppigard-skori-c3a5motsdal.jpg

Skisse av høvelbenk frå Oppigard Skori

;
;