To brør byggjer Erkegarden

Del 1 - Barndomsminne frå Erkegarden

Foto: Sunniva Krøvel-Velle

Byggmeister Inge Kolås sin bergingsaksjon for «gamlestova» i Erkegarden på Åkre har vekt mykje åtgaum både i media og i ålmenta. Dette underlege huset var barndomsheimen min, og det er sett fram ynskje om at eg skal fortelje eitt og anna frå livet på innsida.

Etter mykje tvik og tvil har eg kome til at eg vil lette litt på lôket, sidan eg skjønar at desse minna kan ha særleg aktualitet no midt under restaureringa av Erkestova. Men lat det vere sagt med det same; dette vert ei soge sett frå min synsstad som barn, og slik born observerer og tolkar personar og hendingar.

Livsminne er ikkje alltid ekte minne. Somt ein tykkjer å minnest har ein fått fortalt og seinare gjort til eigne minne. Og sjølv ekte minne vert farga og tolka ut frå vår alder og samtid.

 

To brør med visjonar og pågangsmot 

John og Jakob Mork, som bygde Erkestova, var som tvillingar å rekne, jamvel om Jakob var eit par år yngre enn John. Dei var eit godt team med sine tydelege komplementære evner. John var stor og sterk med sikker formsans og visuell fantasi. Jakob var lett og smidig med teknisk innsikt og forretningssans. Begge var driftige gründerar med store visjonar og uendeleg pågangsmot.

Dei fyrste byggjeplanane vart truleg lagde hausten 1927, og huset var stort sett oppe til jul i 1929. Far høgde mesteparten av materialen av gamal malmfuru på Glomset i Skodje, og på ei dramatisk ferd vinters dag flôta brørne tømmeret over Storfjorden og heile  Hjørundfjorden til endes.

Med tjue hestar vart tømmeret på ein dag frakta frå sjøen til brørne si sag i Kvilsa, der dei både saga, høvla og pløgde timbra med sjølvkonstruert utstyr. Brørne fekk ein øvd tømrar til å hogge eit døme på ei hjørnenôv og ei midtnôv, og far John fortel: «Det var den lærdomen me starta husbygginga med. Huset hadde me bestemt og teikna sjølve, for eg hadde lært noko bygningsteikning i Holmøyane».

Planen var nok at brørne skulle ha kvar si fløy av huset med fellesareal i midten – når dei berre fekk seg kjæring. Og eit staseleg hus vart det, med trekk frå både sveitser- og jugendstil. Jakob bygde seinare i 30-åra hotell i funkisstil på Leikvollen og flytte dit.

 

Ein barndom i undring 

Erkestova vart altså bygd 20 år før eg var fødd. Som yngst i ein syskenflokk på fem, og åtte år yngre enn nestemann, var eg vel meir som eit einebarn å rekne. 

Eg brukte heile barndomen min – og vel så det, til å få fullt oversyn over det mangfaldige huset vårt med alle sine krinklar og krokar og levd liv. Eg var mykje barn åleine og hadde tid og ro til å fundere og undre meg.

Eg kunne sitje lange stunder i loftstroppa og sjå ut gjennom det store glaset med farga ruter. Der kunne eg byte mellom å sjå verda gjennom klart glas, raudt glas, blått glas eller mønstra glas og gjere meg opp ei meining om kva verd som var finast.

Eg skjøna tidleg at eg budde i eit uvanleg hus som ikkje hadde likskap med noko anna hus i bygda. Det var ikkje berre det arkitektoniske med dei to spisse gavlane og det bogeforma mellombygget med glasveranda, men også at huset på langt nær var ferdigstilt.

Berre frontfasaden var bordkledd heilt opp og med komplett vindaugsstaffasje. På dei andre sidene var det framleis nakne eller halvkledde timbreveggar. Og så var det denne enorme Storetroppa på framsida som enda ved bogevindauget av farga glas.

Storetroppa var ein ynda plass for å ta gruppebilete, og om vinteren var ho framifrå som sklie. Eg hadde ei raud oljabrok, og i denne broka fekk eg ei himlandes fart ned troppa. Var det omframt mykje snø, kunne ein også gjere dristige stup frå toppen eller sende kattane på eit luftig dykk ned i djupesnøen.

Den fyrste tømmersaga som brørne sette opp i Kvilsa, driven med vasshjul. Frå venstre: John, Jakob og Ole O. Mork (halvbror). Truleg frå 1926. Foto: Ukjent.
Den fyrste tømmersaga som brørne sette opp i Kvilsa, driven med vasshjul. Frå venstre: John, Jakob og Ole O. Mork (halvbror). Truleg frå 1926. Foto: Ukjent.
3Erkegarden foto Thomas Bøen Alme.jpg
Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig 

IMG_6461.JPG
Inge Kolås AS, Ørsta

Inge Kolås AS er en byggmesterbedrift som ble etablert på Ørsta i 1986 av Inge Kolås. Inge fikk svennebrev i 1976 og har fra den stund hatt oppdrag på den eldre bygningsmassen som en spesialitet. Flere bygninger er reddet og står i dag som bevis på at alt er mulig, blant annet Bruksbutikken på Ørsta og nå Erkestova.

Bedriften har kompetanse på bevaring av antikvariske bygg og byggetradisjoner på Sunnmøre. På oppdrag fra Riksantikvaren og fylkeskonservatoren har Inge Kolås AS også utført registrering av alle freda bygninger i Møre og Romsdal. Inge Kolås AS var blant de nominerte til Bygg og Bevarprisen 2015.