BNL MD

I stua hos bestefar og bestemor

Del 3 - Barndomsminne frå Erkegarden

Foto:Thomas Bøen Alme

I eine helvta av huset budde Gommer og Gofar. Syver-Anna, tenestetausa frå Kalneset, hadde bite på den snedige planen til Gofar, og vorte Gommer. Ei klart billegare ordning for Gofar, vil eg tru.

Ei bestestove som henta frå eventyret

Det var berre dei to, men Gofar rådde likevel over to fulle etasjar av halve huset. Og dette arealet var generelt forbode område for alle andre.

Gofar var ein strid mann på mange vis, men hadde likevel det me i dag ville ha kalla feminine interesser. Han røkta krøtera, han kunne koke og bake, han hadde sans for å kle seg fint til høgtid og kyrkjegong og la vekt på å framstå som from og gudfryktig i lyd og lag.

Men framfor alt hadde han ein hug til vakre gjenstandar av alle slag. Både bestestova hans og eit rom på loftet var fylde med kostesame møblar og pyntegjenstandar som berre stod på stas.

I bestestova hadde han jamvel eit trøorgel i mørk mahogni, som han av og til, gjerne sundagane, sat høgtidssam og spela på. Han trødde jamt og trutt og trykte på tangentane, men eg kan ikkje minnast at eg kunne kjenne att ein einaste melodi, sjølv om ei notebok alltid stod oppslegen i notehylla.

Det var som eit under når eg ein sjeldan gong fekk stige over dørstokken til denne  stova med alle dei vakre gjenstandane som var rada ut over bord og benkar og på veggane. Ein trapesforma veggspegel med raud lakkrame, ei livaktig eggehøne, ei blå glasskål med brei gullrand av roser i relieff, ein blå lysestake i pressglas, ei treføtt dessertskål i brunt glas, ein karaffel i slipt krystall med seks små stettglas til. Og det var serveringsbrettet med fransk stilleben under ei glasplate, der det var dandert ein hummar i godt selskap med ei vinflaske og ymse eksotiske frukter.

På eine veggen var det fleire rader av brudepar frå slekta, og på veggen over orgelet hang eit fargelagt bilete av Jesus og foreldra hans i Nasaret; karane annsame med snikkararbeid medan mor Maria tvinna handteinen.

I skjenken av lys og mørk bjørk var det kostelege middagsserviset til tolv personar stabla saman med saftglas og karaffel med vinranker på i raudt og grønt. Desse skattane vart berre tekne fram når skyldfolket til Gommer frå Kalneset kom i det tradisjonelle juleselskapet. Då stod også det vesle, men overdådig pynta, kunstige juletreet på kjøkenbordet. Ein fagnadgjenstand frå Buda-Jakob sine vågale juleinnkjøp.

Mange av desse gjenstandane eg beundra som barn, har eg seinare klart å sikre meg på loppemarknader og auksjonar, jamvel biletet av snikkar-Jesus. Middagsserviset har eg arva; det er enno komplett og vert berre sett fram ved særlege høve. Alt saman er det me no vil kalle kitsch, men inntrykka på barnesinnet av kostesame skattar kan ikkje viskast ut.

Det var sjeldan eg slapp innanfor døra til denne bestestova. Det var i grunnen berre under juleselskapet eller når Gommer hadde kvinneforeining. Då vart det fyrt i omnen, og eg kan enno kjenne den særeigne lukta av oppvarma Gofar-bestestove.

Då fekk eg sitje usynleg og lyde på foreiningskvinnene synge salmar og lese frå misjonsblad med reportasjar frå ulike misjonsmarker. Desse blada var oftast skrivne på riksmål, og særleg Hotell-Anna, tanta mi, hadde ei svært personleg tilnærming til lesing av riksmål, for å seie det slik.

Gommer og Gofar på slåtteteigen 2.jpg

Gommer Anna Mork f. Kalnes og Gofar Ole J. Mork på slåtteteigen i Skitnegjerdet tidleg på 50-talet. Tussefossen i bakgrunnen. Foto: Anlaug Mork.

Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig 

;
;