Husvener og motorsyklar

Del 5 - Barndomsminne frå Erkegarden

Kanskje inspirasjonen til arkene kom fra Bjørkehornet (1430 moh). Foto: Kjell Arne Årseth

Husvener frå barndomen - fargerike gjestar i Erkegarden. Ivar Mork minnast mange gjestar frå Erkegarden, ikkje minst sigarettrøyken og motorsyklane deira.

Gjætar-Per

Mellom dei mange husvenene frå barndomen må eg også nemne Gjætar-Per, eller Peder Rekkedal. Han var ein farlaus gut frå ein stor syskenflokk på Sæbø. Han kom til Erkegarden alt før han var ferdig i barneskulen som «gjelsj» for Gofar. Seinare vart han teken i arbeid på ysteriet til Brødrene J. Mork, der mor Andrea også var i teneste som ysterske, før ho og far sukka seg saman og vart eit par.

Gjætar-Per var som ein fosterson for mor og far. Med eit godt hovud og etter seiande litt finansiering rak han larkane og kom han seg på meieriskule. Han vart etter kvart meieristyrar på Åndalsnes og seinare i Bodø. Gjætar-Per kom til Åkre mest kvart bidige sommar for å vitje mor og far, og vandre rundt på gamle gjætsletrakter i Tussedalen og Bakkedalen.

Gjætar-Per på garnfiske i Tussedalsvatnet.jpg

Gjætar-Per, Peder Rekkedal, på garnfiske i Tussedalen. Ein meieristyrar måtte ha pent antrekk med slips jamvel på kredefiske i høgfjellet. Foto: truleg Peder Rekkedal med sjølvutløysar.

Då vart det igjen seine og morosame kveldar rundt kjøkenbordet i Erkegarden. Per hadde lagt seg til ei fæl knoting i utlegda, og eg minnest vel det faste uttrykket hans: «Kan du huske den gang, Andrea?» Og så barst det til med forteljing av ei ny minnesloge mellom alle dei som måtte forteljast oppatt som eit ritual kvart bidige år.

Når det var slike fargerike gjestar i huset, gjorde eg meg så liten og usynleg som råd, for litt ut på kvelden var det mangt eit tungeband som losna, og det vart fortalt og drøfta soger som ikkje akkurat var for barneøyre.

 

Verkstadkarane i kjellaren

Kjellaretasjen var ei verd for seg. Tre av roma i kjellaren var innreidde. I dei fyrste leveåra mine budde verkstadkarane der, unge gutar frå bygdene kring Hjørundfjorden som arbeidde i snikkarverkstaden til Brødrene J. Mork.

Dei hadde både kost og losji i Erkegarden. Kor mange som losjerte i dei tre kjellarroma, og kor mange brød mor måtte steike i veka for å mette desse holsvoltne, unge karane, kan eg ikkje gjere greie for. Eg hugsar berre at dei var mange, og at lufta var rimeleg stinn der dei var innkvarterte – og ikkje berre av sigarettrøyk.

Ein av dei var Steffa-Bjarne, som eg vart svært glad i sidan han prata og tøysa med meg. Eg kalla han berre for Baddis. Baddis hadde motorsykkel, og ein gong baud han meg med på ein tur rundt i bygda. Eg kunne vel vere om lag 3 år, trur eg.

Baddis tok meg på fanget og bad meg halde meg godt fast, og så tok me laust ned Åkersbakkane i det eg opplevde som ei rasande fart. Det var eit sant mareritt. Eg var viss på at eg kom til å misse livet før turen var omme. Eg kan kome på berre ein gong eg var meir livredd i barndomen. Eg storgret etter ferda, og det vart med denne eine turen. Eg har ikkje hatt noko godt auge til motorsyklar sidan.

Systrene mine i Storetroppa.jpg

Erke-systrene på Storetroppa i 1951. Frå venstre: Anlaug, Bertha og Palma. Foto: Bjarne «Baddis» Mork.

3Erkegarden foto Thomas Bøen Alme.jpg
Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig