BNL MD

Ei mystisk bok og ei låst dør

Del 4 - Barndomsminne frå Erkegarden

Foto: Thomas Bøen Alme

I vår ende budde me også på kjøkenet, og det var staden for alle slags gjeremål. Koking, eting, lekselesing, kroppsvask og til dels klesvask og klesturk. Når far kvilte middag, velte kan seg i koll på kjøkengolvet og sovna med det same han la hovudet på trøa til mor si Singer symaskin.

Ei mystisk bok og ei låst dør

I vår ende budde me også på kjøkenet, og det var staden for alle slags gjeremål. Koking, eting, lekselesing, kroppsvask og til dels klesvask og klesturk. Når far kvilte middag, velte kan seg i koll på kjøkengolvet og sovna med det same han la hovudet på trøa til mor si Singer symaskin.

I bestestova stod alt på stas hos oss også. Der stod mellom anna ein bokreol i mørk flammebjørk med ei sidedør som alltid var låst. Det var den einaste døra i huset som var låst, og det var lenge ei gåte kva som var  løynt attom den døra.

I reolen var nokre titals bøker. Så snart eg hadde lært meg nokolunde å stave, byrja eg å studere titlane på bokryggane. Det var ei tjukk bok der som heitte Enkens Sønn av Leonard Strömberg. Denne boka tykte eg var både mystisk og litt nifs. Det var nemleg slik at Gofar hadde klengenamnet Enken (med trykk på første staving), sidan han gjekk så lenge enkemann, trass i sine iherdige frieri.

Enkens sønn, det kunne ikkje vere anna enn far min, det forstod eg. Var det verkeleg skrive ei så tjukk bok berre om han, og kva stod det der, tru? Eg våga aldri å sniklese i denne boka.

I hylla stod også samla verk av Henrik Ibsen i fem band, som far var glad i. Han siterte ofte frå Peer Gynt eller Brand. Der stod også den svarte Bibelen eg hadde fått i dåpsgåve av husvenen Trandal-Hans som ei tagal påminning om mi ringe tru og syndefulle natur. Einaste boka i bokhylla eg tykte særleg om, var ei som heitte Med Steinøks og Bue, eit spanande eventyr frå steinalderen.

Julaftan - 7 år.jpg

I bestestova julaftan 1956. Ivar Mork hadde byrja på skule same hausten og lært seg å lese. Han las eit heilt Donald-blad på eiga hand den jula. Foto: Anlaug Mork

Høg eller låg – attåt kjøkenbordet barst det

Også vår bestestove vart opna og fjelga berre i høgtidene, når mor hadde kvinneforeining eller når me fekk vitjarfolk utanom det vanlege. Slike vitjarfolk hadde me tidt, for ein må kunne ha lov å seie at stova i Erkegarden var eit gjestfritt hus.

Far hadde det med å byde med seg menneske han møtte i samband med sine mange prosjekt heim på middag. Det kunne ikkje vere berre lett for mor som heilt uventa fekk både sakførarar og banksjefar dettande inn døra. Ho var ikkje alltid blid på far etterpå. Men også då åt me ved det store kjøkenbordet, før heidersgjestane vart slepte inn i bestestova til  kaffi og visjonar.

Mellom desse gjestane kan eg nemne namn som sakførar Rørstad med sin enorme grå Studebaker. Han var ein hund etter bukkekjøt. Det var banksjef Ola Skjåk Bræk med sitt milde vesen og lensmann John Riise, som var nærskyld med mor. Det var jordstyreteknikar Anders Hustadnes, ein ekte husven og fast gjest ved matbordet, og meierikonsulent Åge Stavran, som ved ei vanheppe køyrde i hel hunden min.

Heidersgjesten framfor alle var nok statskonsulent Einar Fjeld i Norsk Sau- og Geitavlslag, ein stor brande av ein rogalending. Han reiste land og strand rundt i sin raude Volvo PV Sport med grøn solskjerm utanpå frontruta, for å omvende folk til trua på det moderne småfehaldet sine eventyrlege gevinstar for folk og land. Han var ein karismatisk talar og budde alltid hjå oss dei dagane han var i Hjørundfjorden. Det vart gjerne seine og visjonære kveldar med noko attåt visjonane på han og far.

Familiebilde på Storetroppa.jpg

Familiebilete på Storetroppa i 1946. Framme frå venstre: Ole Jørgen og Jorunn Martinussen. I midten: Palma og Anlaug. Bak: Bertha og mor Andrea. Barnet på armen er Ingrid Martinussen. Familien Martinussen var nære skyldfolk frå Askøy og årvisse i Erkegarden. Foto: Peder Rekkedal.

Ein annan fast gjest, var banksjef Leif Øye i DnC, far sin barndomskamerat og jamaldring. Han ferierte alltid ei veke i Øyehuset i Bjørkevika, som var barndomsheimen hans. Dei to gamle venene hadde seg alltid ein mimrekveld, som truleg kunne verte noko våtsam, sidan Øye-Leif brukte å ha med seg ymse blankt på flasker frå Oslo. Eg vart seinare klar over at det som løynde seg attom den einaste låste døra i huset, den i bokreolen, var det som desse karane eventuelt hadde løyvt.

Dagen etter var ikkje far mykje til kar. Han hadde det med å verte alvorleg fyllesjuk av lite og inkje og hadde i tillegg vondt for å spy. Trongt halsmåt, som han kalla det, og me kunne høyre styggelæta rundt novene mykje av dagen. Han fekk ikkje mykje trøyst og sympati hos mor som var innvigd losjekvinne frå Bondalen.

Piknic i Erkegarden.jpg

Veninne-piknik i Erkegarden sommaren 1956. Frå venstre: Palma Mork, Kari Larsen (delvis skjult), Ivar Mork, Olaug Aakre, Else Langenes (delvis skjult), Jenny Langenes, Bertha Mork, Signe Langenes, Solveig Langenes og Inger Johanne Johansen. Foto: Anlaug Mork.

Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig 

;
;