BNL MD

Barndomsheimen berga frå forfallet

Del 6 - Barndomsminne frå Erkegarden

Foto: Sunniva Krøvel-Velle

Slik var livet i Erkegarden. Ein ustanseleg straum av menneske, gamle og unge, nære og fjerne, høge og låge, som sessa seg rundt kjøkenbordet til mor Andrea, og om kvelden fann seg ei lege under ei raft einkvan staden i det mangfaldige huset.

Tidlege gifteplanar og familien Larsen

Dei innreidde kjellarroma fekk ny bruk etter at verkstadkarane flytte ut. Sjølv hadde eg som femåring seriøse gifteplanar med grannejenta Aud frå Bakkegarden, som var nokre år eldre. Eg vart sterkt vonbroten då det ikkje straks let seg realisere at me to flytte inn i kjellaretasjen som eit par.

Men livet går vidare, også når ein er fem år, og kjellaretasjen vart mellom anna sommarkvarter  for familien Larsen. Det vil ta for mykje plass å fortelje om korleis denne familien frå Ålesund kom inn i livet vårt, men dette hadde også med den uvanlege gjestfridomen i Erkegarden å gjere.

Kvar sommarferie kom Larsenane på landet og innkvarterte seg i eit av kjellarroma våre. Seinare vart dei kjende med to svenske familiar, og forsyne meg vart også desse familiane faste gjester i Erkegarden i fleire somrar. Byfolket rende rundt i fjellet og fiska i fjord, vatn og elvar. I fylgjet til svenskane var også den langbeinte, lettkledde og blonde dottera Gunilla som eg stormforelska meg i til randa av søvnløyse – på avstand.

Wilhelm Larsen var ihuga sportsfiskar med tillitsverv i Jeger- og Fiskarforeininga i Ålesund. Til dagleg var han sjåfør ved Gartnarhallen, og sette alltid ei stor pappøskje med frukt og grønsaker på kjøkenbordet vårt fyrste kvelden. Larsenane skulle i utgangspunktet syte for maten sjølve, men med berre ei enkel kokeplate i kjellaren, vart det jammen mange måltid ved  kjøkenbordet til mor Andrea også.

Straks skuleferien tok til, vart dei to Larsen-tausene, Unni og Kari, sette om bord i rutebåten og sende inn til Bjørke. Far henta dei på kaia om kvelden, og i desse sommarvekene før foreldra kom på ferie, eller jamvel i påska, var dei som born i huset hjå oss. Familien Larsen vart på ein måte som nære skyldfolk  – og er det framleis.

Ei endelaus gjesteliste

Systrene mine Bertha og Palma byrja etter tur i butikkjobb hos kolonialhandlar Solbak på Kiperviktorget. Butikken var driven av enkefru Solbak, som hadde ein einaste son, Arne. Det var ikkje lenge før han også vart levert på meierikaia og send med «Rauma» til Bjørke på sommaropphald i Erkegarden. Det var nok ikkje så greitt for ei travel, einsleg mor å ha ein skulefri gutunge på slyngen i byen. Både Larsen-tausene og Solbak-Arne var om lag jamgamle med bror min, Ole Jørgen.

For meg som minstemann var det stor stas med alle desse sommargjestane. Og endå har eg ikkje nemnt alle dei andre syskenborna og tremenningane og Gud veit kva som nøytte kvart høve i høgtider og i feriar til å losjere i Erkegarden. Og ikkje har eg rita opp alle mostene og fastene, som også hadde sine årlege turnéstogg i Erkegarden. Kvar alle overnatta i huset og på kva måte, kan eg ikkje gjere greie for, men alle fekk plass kring kjøkenbordet til mor Andrea - alltid.

Gofar var ikkje særleg blid på alle desse byfolka og slektningane som kom og «hefte» oss i travlaste vinnene, og som han tykte heller burde hjelpe til med høyberginga enn å feriere. Eg hugsar han stempla Lilly Larsen som ei «redige stolkjette» sidan ho likte å sitje inne i kjellarstova med ymse handarbeid i ferien.

Foto: Sunniva Krøvel-Velle
Foto: Sunniva Krøvel-Velle

Velstand, varmevatn og ganning

På tampen av femtitalet fekk me varmtvasstank, badekar og vassklosett, og alt vart noko lettare i det folksame hushaldet. Før det hadde me berre denne toseters skytja som lente seg inn til fjøsveggen, så nattpotte og vaskarfat var nødvendig for både husfolk og gjestar til dess.

Dette var midt under utbygginga av Tussefossen, og sidan alle karane i bygda var på anleggsarbeid, vart det meir romsleg med pengar i mest alle heimar. Det var vanleg å få seg bad og vassklosett for den nyvunne velstanden.

I Erkegarden vart romet under Storetroppa rydda, og fagarbeidet vart sett bort til Ørsta Bruk. Ein mann dei kalla Rei-Ola kom til gards med alt tilfang som trongst til å innreie eit moderne, fliselagd bad. Rei-Ola var ein stor mann både i høgda, breidda og djupta, og eg hugsar at han sat på baken på flate golvet når han arbeidde. Seinare kom eg til kunnskap om at Rei-Ola eigentleg var finne og heitte Rayala.

Så var det ein dag geitene hadde lagt seg vekk; dei kom ikkje heimatt til fjøstid. Dette kunne vere ei plage i anleggstida, då det jamt var mykje ståk og trafikk i fjellsida som geitene vart skremde av.

Då gjekk Gofar til Rei-Ola, som sat på badegolvet og lodda koparrør, og spurde om ikkje han som var «finnj» kunne ganne geitene heim. Jau, Rei-Ola var med på notane og let ut or seg ei lang lekse med uskjønlege ord som skulle vere god ganning. Gofar var storleg imponert, men om geitene kom heim av seg sjølve denne kvelden eller måtte hentast, minnest eg ikkje.

3Erkegarden foto Thomas Bøen Alme.jpg

Det flotte vinduet med biter av farget glass er selve juvelen. Det skal selvsagt også settes i stand etter alle kunstens regler. Foto: Thomas Bøen Alme

Når enden er god

Dette var berre nokre korte, utvalde minne frå ein uvanleg barndom i eit uvanleg hus. Og endå er det mange eg ikkje har nemnt, som også hadde ein heim i Erkegarden – både før og etter at eg kom til verda.

Det kjennest som eit mirakel for meg, at barndomsheimen min no vert berga frå forfallet av ei eldsjel som byggmeister Inge Kolås og vert fullført slik huset ein gong var tenkt av dei unge og driftige brørne, John og Jakob Mork. Dei hadde tallause visjonar, alt for mange prosjekt og diverre alt for lite pengar til å fullføre jamvel helvta av alt dei drøymde om.

Det er den beste julegåva eg kunne fått!

Saman med Larsen-tausene.jpg

Ivar Mork saman med Larsen-tausene, Unni og Kari, truleg i pinsa 1954 eller 55. Foto: Anlaug Mork.

Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig 

;
;