Vil du ha sommerjobb?

Flekking av never

Torv på never, Folkemuseet på Bygdøy. Foto: CEWG

Agder fylkeskommune arrangerer opplæring i neverflekking for de som er interessert i å ha det som sommerjobb.

Never har vore bruka som taktekkjing i mange hundre år. På dei fyrste laftehusa som kom kring vikingtida var det vanleg med never som taktekkjing. Nevra vart lagt i fleire lag, di fleire lag di betre held taket seg. Oppå nevra la ein torv slik at nevra skulle halde seg på plass. Det var mykje kunnskap om korleis denne nevra skulle liggje og korleis denne torva skulle vere, men mykkje av denne kunnskapen har vorte borte av di ein ikkje legg særleg mange nevertak i dag. Å flekkje never og pakke han rett, er ikkje vanskeleg, men det heller ikkje så mange som kan.

Om du ikkje kjenner nokon med skau, kan vi i nokre høve hjelpe deg med kontakt med lokale grunneigarar som synes det er greit at du flekkjer never på deira grunn.

 

  • Trea tek ikkje skade av neverflekkjing.
  • Sjå deg ut område der det er mykkje bjørk (ikkje hengebjørk).
  • Avtal med grunneigar kor du kan flekkje.
  • Det er og ein fordel om det er lett å kome fram med bil om du ikkje har
    tilgang til traktor.
  • Avtal evt. betaling til grunneigar. Vanlig pris er ca. 5-10% av det du
    sel det vidare for.
  • Skaff deg pallar med pallekarmar. Her kan ein ta ut tappen i eit av
    hjørna og erstatte den med spiker/ståltråd slik at ein kan dra denne ut
    og løsne karmen når pallen er full, og lasta skal stoppast.
  • Snekre saman nokre bord, eller finn ein plate litt mindre enn pallen
    som du kan legge oppå nevra når du stablar, slik at nevra ikkje krullar
    seg.
  • Du treng lekter til å legge over nevra når du skal stroppe og lagre ho,
    lastestroppar til å stramme nevra med. Banjern er fint til å halde press
    på pallane
  • Ein liten stige.

 

 

Slik går du fram, førebuingar:

Kontakt Kulturminnevern og kulturturisme i Agder fylkeskommune for å melde din interesse:

Eivind Dalseg tlf. 415 48 728
Rolf Einar Huus 917 18 336
Ragnhild Dietrichson 958 15 593

Eller på e-post: bygningsvern@agderfk.no