Satsinga på dei eldste kyrkjene held fram

#

Kyrkjene er i ei særstilling som kulturminne. No kjem det nye millionar til istandsetting og sikring av kyrkjebygg over heile landet.

For 2020 hadde Stortinget allereie løyvd 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg over Barne- og familiedepartementet sitt budsjett. I tillegg er det no satt av ei ekstra tiltakspakke på 52 millionar kroner.

– Å ta vare på gamle kyrkjebygg er svært viktig. Dei er i ei særstilling som kulturminner i bygd og by over heile landet og blant dei mest dyrebare bygga når det gjeld arkitektur og kunst. Dei er soger over tru, kultur og handverk i 1000 år. Derfor er eg glad for at vi kan bidra til betre trygging av desse bygga, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Sjå òg nettsidene til Barne- og familiedepartementet

 

Tilskotet

Det er Riksantikvaren som forvaltar tilskotsordninga på vegne av Barne- og familiedepartementet. I første runde er det no delt ut over 27 millionar kroner. Resten av midlane fordelast utover hausten.

− Kyrkjebygg er kulturarv, historie og ein viktig del av vår identitet. Derfor er det så viktig å ta vare på dei for framtida. Mange kommunar strever med å vedlikehalde sine kyrkjebygg, så desse midlane veit vi vil kome godt med, seier riksantikvar Hanna Geiran.

 

Utvalde kyrkjer

Ved årets tildeling av tilskot har Riksantikvaren i samråd med Barne- og familiedepartementet, Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder og Kyrkjerådet vald å prioritere kyrkjer som er oppført før 1800. Det dreier seg om mellomalderkyrkjer i stein, automatisk freda kyrkjer av tre frå perioden 1200-1649 og listeførte kyrkjer frå perioden 1650-1799.

40 kyrkjer frå Troms og Finnmark i nord til Agder i sør har fått støtte i denne omgangen.

Logo RA-gull kopi.jpg
Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og er faglig rådgiver for Klima- og Miljødepartementet i utviklingen av den statlige kulturminnepolitikken.

Klikk her for å gå til Riksantikvarens hjemmeside

Oversikt over tilskot

 KIRKE: OPPFØRT FYLKE SIKRING OG ISTANDSETTING
ARNAFJORD kyrkje Tre 1645 Vestland 329 000
BALKE kirke Stein Middelalder Innlandet 900 000
BRANDVAL kirke Tre 1651 Innlandet 571 800
BRUNKEBERG kyrkje Tre 1790 Vestfold og Telemark 840 000
BRØTTUM kirke Tre 1790 Innlandet 900 000
DØNNES kirke Stein Middelalder Nordland 900 000
FLAKSTAD kirke Tre 1780 Nordland 700 000
FLUBERG kirke Tre 1703 Innlandet 900 000
FÅVANG kirke Tre Middelalder Innlandet 86200
GAUPNE gamle kyrkje Tre 1647 Vestland 100 000
GJERDE kyrkje Etne Tre 1676 Vestland 320 000
GJERDRUM kirke Tre 1686 Viken 1 688 000
GUDDAL kyrkje Tre 1686 Vestland 24 000
HAKADAL kirke Tre 1610 Viken 900 000
HEGGEN kirke Stein Middelalder Viken 900 000
HESBY kyrkje Stein Middelalder Rogaland 900 000
HOLDHUS gamle kyrkje Tre 1726 Vestland 100 000
HOVIN kirke Spydeberg Tre 1620 Viken 450 000
HOVIN kirke Ullensaker Tre 1695 Viken 900 000
HUSTAD kirke Stein Middelalder Trøndelag 100 000
JELSA kyrkje Tre 1647 Rogaland 900 000
LANGENES kirke Tre 1796 Nordland 870 000
LUNDE kirke Nordre Land Tre 1769 Innlandet 900 000
NORDSINNI kirke Tre 1758 Innlandet 600 000
OLDEN gamle kyrkje Tre 1759 Vestland 900 000
RISØR kirke Tre 1647 Agder 900 000
SANNIDAL kirke Tre 1772 Vestfold og Telemark 182 850
SJERNARØY kyrkje Tre 1647 Rogaland 522 000
STANGE kirke Stein Middelalder Innlandet 900 000
STORDAL gamle kyrkje Tre 1789 Møre og Romsdal 150 000
SØDORP kyrkje Tre 1752 Innlandet 900 000
SØGNE gamle kirke Tre 1604 Agder 660 000
TOMTER kirke Tre 1600 Viken 600 000
TORSKEN kirke Tre 1784 Troms og Finnmark 405 000
TYDAL kirke Tre 1696 Trøndelag 900 000
UDENES kirke Tre 1708 Viken 900 000
VANGSKYRKJA Voss Stein Middelalder Vestland 25 000
ØKSNES kirke Tre 1796 Nordland 900 000
ØYER kirke Tre 1725 Innlandet 900 000
ÅRDAL gamle kyrkje Tre 1619 Rogaland 1 680 000
SUM:   27 203 850