Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2019?

#

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2019.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

 

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

 

Nominasjon

Nominasjonsfristen er 30. juni 2019

Her finn du meir informasjon om prisen og nominasjonsskjema.

 

Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris

2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti