Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020?

#

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:
  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

 

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

 

Kven kan få prisen?

Prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte november 2020.

 

Nominasjon

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

 

Innsending av forslag

Bruk skjemaet til høgre og send inn forslag på kandidatar. Du kan skrive teksten rett inn i skjemaet. Du kan og laste opp vedlegg eller bilete om du ynskjer det.

Frist for å nominere kandidatar er 30. juni 2020.

 

Spørsmål

Kontakt Gunvor Haustveit hjå Riksantikvaren på e-post gha@ra.no

Logo RA-gull kopi.jpg
Riksantikvaren

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og er faglig rådgiver for Klima- og Miljødepartementet i utviklingen av den statlige kulturminnepolitikken.

Klikk her for å gå til Riksantikvarens hjemmeside

Tidlegare vinnarar av kulturminneprisen
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti