Ny målarline på Hjerleid

#

Eit nytt utdanningstilbod i målarfaget startar opp hausten 2019 ved Handverksskolen på Hjerleid, Dovre. Dette er Vg2 Overflateteknikk, eit yrkesfagleg tilbod i vidaregåande skule.

Elevane vil her kunne fordjupe seg i tradisjonelle målingsteknikkar og materialar som svært få har kunnskap om i Noreg i dag. Det er eit stort behov for handverkarar som kan jobbe med restaurering av kulturarven vår. Her trengs det målarar med kunnskap om linolje, lakk, lasur, limfarge, komposisjonsmåling og dekorasjonsmåling, som til dømes marmorering, ådring, sjablongmaling og lasering.

 

Yrkesfaga sitt år

2018 var yrkesfaga sitt år, og politikarar og næringsliv sa til ungdommen: - Ta utdanning som handverkar, det er noko av det luraste du kan gjera.

Det er eit stort behov i Noreg for dyktige handverkarar i mange fag. Likevel er det få utdanningstilbod i målarfaget, og mange ungdommar som ikkje veit om moglegheitene i dette faget. Det ønskjer målebransjen å gjere noko med, og målarmeister Ole Andreas Klaveness har hatt med seg lærlingen Lizzy Muzungu på fleire spennande restaureringsoppdrag. Ho har og teke sveinebrev

Lærling Lizzy Muzungu.JPG

Hesselberg Gård: På Hesselberg Gård arbeidde målarmeister Klaveness saman med lærlingen Lizzy og utbetra Peder Aadnes målerier frå 1774. Målarfaget var eit høgstatusyrke, og berre dei rikaste hadde råd til å dekorere husa sine slik Lizzy viser her. Foto: Bygg og Bevar

- Å vera målar er å jobbe med fargar, det som fargelegg og gjev ljos i livet til folk heile året. Yrket er så variert, du må kunne mykje forskjellig fordi det er ulike teknikkar du brukar kvar dag: sparkle, pusse, blande pigment, koke limfargar, marmorere, lakkere, male på mur, på tapet, vindauge, ute og inne, - ja dette er berre eksempel 

Maler Lizzy Muzungu

Om målarfaget

Målarmeister Ole Andreas Klaveness utdjupar innhaldet i målarfaget: - Faget gjev kunnskap om avansert kjemi, inngåande materialkunnskap og verktøyforståing. Du får bruk for estetisk sans, kloke hender og eit godt hovud. Det er målarhandverket, seier Klaveness.

Handverksskolen vil i samarbeid med målarbransjen utfordre unge og vaksne til å satse på ei utdanning i det tradisjonsrike og spennande målaryrket. Les meir om yrket  

Klaveness Med Malerstokken

Ole Andreas Klaveness. Foto: Bygg og Bevar

Korte fakta:

  • Målarfaget formelt kalla Overflateknikk, er eit nytt tilbod på Handverksskolen på Hjerleid frå hausten 2019.
  • Det er stort behov for handverkarar innan dette fagfeltet.
  • Få kan dette faget i dag.
  • Det er få plassar i Noreg du finn dette utdanningsalternativet.